fredag, oktober 09, 2009

Gratulerer

I dag gratulerer vi Obama med Nobels fredspris. Vel fortent ! Han er den første amerikanske presidenten på lenge som har satsa på fred og nedrusting i staden for det motsette. Eg meiner det var eit godt val av Nobelkomiteen.Så vil tida vise om Obama greier å innfri forventningane verda har til han.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eit godt og uventa val! I premissane står der at det skal vere ein som siste året, ikkje for lang og tru teneste salik det ofte vert.
Men kan dei ikkje gje Jagland privattimar i engelsk! Ordforrådet er bra, men no når han skal ha ein internasjonal jobb bør han få sving på uttalen!

Hildegard sa...

Kjekt med Obama!
Kan vere einig med fornuftige Solveig her også, eg har hatt problem med Jagland heilt sidan "Det norske Hus"!
Eidabesta

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...