onsdag, oktober 07, 2009

Bok nr.65: De krenkede

Dette er den tredje boka eg les av denne forfattaren.
Den første eg las var Bokhandleren i Kabul, der vi får høyre frå historia til landet Afganistan, om folkeliv,religion og mykje meir. Og ikkje minst om livet til einskilpersonar. I boka 101 dager handlar det om krigen i Irak, og i denne boka eg har lese no, tek forfattaren oss med til Tsjetsjenia ved foten av Kaukasus.
Denne siste boka er nok den mest gripande.
Alle har vi hatt historie på skulen,og mange får nok det inntrykket at historie er noko som skjedde for lenge sidan. I mi tid på skulebenken kom vi sjeldan lenger enn til 1945. Men det har skjedd mykje sidan den tid.
Vi får kvar dag notidshistoria inn på TV-skjermen, likevel er det mykje vi ikkje veit noko særlig om.Dette gjeld i alle fall meg.
Åsne Seierstad er ein uredd journalist som leitar opp menneske og snakkar med dei om det dei har opplevd, mykje som dei knapt har fortalt til nokon før.
Eg kan ikkje fortelje alt som ho skriv om i denne boka.Eg kan berre råde dykk til å lese den sjølve. Men les den i papirutgåve om de kan, for det går litt fort i svingane i lydbokutgåva. Dette er ei bok, der ein treng pausar innimellom.
Eg vil gå så langt som å seie at dette er ei bok ein bør lese, ikkje minst for å forstå korleis det kan vere for born å vekse opp under krig og ufridom.

5 kommentarer:

solveig sa...

Ho har ei eiga evne til å få folk til å opne seg. Er det fordi ho ser så blåøygd ut?

Besta sa...

Eg trur ho må vere veldig flink å snakke med folk; og så kjem ho frå eit land langt borte, og er såleis nøytral.I tillegg snakkar ho godt russisk, så der er ikkje språkbarrierar.Skildringane av personane og skjebnane deira er unike og gripande..

Besta sa...

Eg gløymde å skrive at ho er utrulig modig, både i det ho seier og det ho gjer.

solveig sa...

Det var vel i denne boka at ho fortalde om då mora prøvde å stoppe henne......

Besta sa...

Ja, og der forstår eg mora godt. Ein kan beundre tøffe og vågale jenter (og gutar),men ein vil helst ikkje vere mor deira.Ikkje hadde eg ønska at borna mine skulle reise i krigen, klatre opp på dei høgste fjelltoppane og i det heile tatt....

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...