fredag, september 18, 2009

Dagens sei !

Nils var ut og såg etter båten, og måtte ein liten tur utpå og prøve fiskelykka. Han fekk 14 mellomstore seiar. Så no blir det å lage store seikaker og ha med til Kongsberg.Blant anna.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Nam, nam. Let de seien henge litt før de lagar seikakene?
Du har vel ei god oppskrift?
Eidabesta

Besta sa...

Vi plar la seien henge MINST eitt døgn før Nils fileterer-det kjem an på temperaturen.Eg var ikkje heilt fornøgd med seikakene mine denne gongen, for fisken var ikkje tørr nok. Solveig har lagt oppskrifta ut på bloggen sin.Eg rådde henne til å bruke meir potetmjøl enn eg hadde gjort, sidan fisken var så "våt".

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...