lørdag, september 19, 2009

Litt reklame.


Frå Hareid fekk vi i dag med oss heim den blodferske boka til Øystein.
Dette er ei dokumentarbok, og vi har følgt arbeidet med boka frå første stund, så og seie.Vi har på den måten fått ein lite innblikk i kva arbeid som ligg bak ei slik bok.Kvar minste detalj må stemme, så det er ikkje få intervju, telefonsamtalar, mailar og anna kommunikasjon som har vore med å gjere boka så "sannferdig" som det vel er mulig.Det hasta også å få skrive denne boka, for det er etter kvart blitt tynt i rekkene av dei som var med på desse dramatiske handlingane under 2. verdskrigen. Nils har vore ein nyttig koordinator sidan fleire av slekta hans var med på å frakte folk frå Norge til Shetland og Skottland.Nokre av dei er framleis i live.
Denne boka skal eg lese, sjølv om ho dessverre berre finst i papirutgåve.
For dei som ikkje veit det, vil eg opplyse om at Øystein er svigersonen vår.

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Denne boka kan Hans tenkje seg å lese, seier han. Til vanleg les han rett nok berre reisebøker. Men han har laga DVDar med stoff frå krigen og er interessert i krigstoff.

Besta sa...

Ja, dette er vel stoff som appelerer mest til godt vaksne menn? Men mange vegrar seg kanskje å lese nynorsk. Ikkje Hans går eg ut ifrå?

Hildegard sa...

Eg tykkjer det er kjekt å lese nynorsk. Trur nok at Besten også vil lese denne boka. Han er interessert i historier frå krigen og har bl.a. lese boka om Sønsteby som han fekk til jul.
Eidabesta

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...