tirsdag, september 15, 2009

Gratulerer med valet !!!


I dag vil eg gratulere alle som har stemt raud-grønt med eit fantastisk valresultat. Eg er veldig glad for at Norge framleis skal få lov til å vere eit sosialdemokratisk land, og at Jens skal halde fram som VÅR statsminister.
No kan Siv vaske bussen sin rein for idiotiske slagord som "Morna Jens"- eller endre det til Jensen?
Det einaste eg beklager er at vi har fått ei tydelig polarisering i politikken med liten plass til sentrumspartia. Og at Sponheim går ut. Han har vore ein fargeklatt i det politiske livet. Han skulle heller ha slutta seg til venstresida i tide.
Og lat det berre vere sagt:Det er ikkje personlig skattelette vi treng, men MEIR pengar til det offentlege, slik at vi kan få løyst mange kommunale og statlege oppgåver på ein betre måte.
Eg skal feire dagen med å gå til frisør!
PS: Liljebuketten fann vi i gangen etter at vi kom heim frå ein tur nedover. Mistenker ei av naboane.

4 kommentarer:

solveig sa...

For å seie det slik: Det er ikkje alle som har hatt like god folkeskikk i valet. Ikkje alle kan representere oss i utlandet. Der er Støre god å ha......

Bjørg sa...

Gratulerer med valet, ja!
Vi får håpe det går betre enn vi fryktar, at familiene ikkje blir raserte og at det blir livskvalitet likevel.
Eg er samd med Solveig i at Støre er god å ha.
Og så er eg glad viss Erna ikkje får øydeleggje Lofoten. Håper Kristin greier å hindre det.
Det er mykje bra med dei raudgrøne!

Besta sa...

For meg var der ikkje anna alternativ enn det raudgrøne."Høgremann" har eg aldri vore, og ei regjering der Frp var med, kunne eg aldi godteke.
Men som før sagt er det tydelige tendensar til polarisering og då har ein berre to val.Viss ikkje ting endrar seg.

Hildegard sa...

Enig med Solveig endå ein gong, Jonas må vere utanriksminister - sjølv om mange ville ha han som statsminister. Eg tykkjer Jens blir betre og betre... som statsminister, berre han klarer å halde styr på Kristin...?
De er no heldige som får uventa blomster på døra!
Eidabesta

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...