lørdag, august 15, 2009

Bok nr.53: Gutten som hadde svar på alt.

Eg er alltid litt skeptisk når er får bøker i hende med orda "denne skryter alle av"-eller liknande. Denne boka la eg frå meg att med det samme eg såg omslaget, men så kom altså bibliotekaren med desse orda.
Boka har eg faktisk lese på rekordtid, den er vanskelig å legge frå seg.
Mange tankar har streifa meg mens eg har lese, og eg må innrømme at noko av det første var: kiosklitteratur! Men så berre MÅ eg lese vidare.
Den 18 år gamle kelneren har vunne ein kjempesum i spørjekonkurranse, og somme meiner det må vere juks, for ikkje har han gått på skule og ikkje veit han noko særleg.Sjølv seier han at det er flaks, han har fått akkurat rette spørsmåla! Og så fortel han om livet sitt, på ein barnleg og tilforlatelig måte og kvar forteljing gir forklaring på kvifor han veit svaret på eitt av spørsmåla.
Han vart oppfostra av ein prest som fann barnet på trappa og gav han namn frå tre religionar sidan han ikkje visste kven foreldra var, og slik at han skulle ha innpass over alt.........
Ja, eg kan ikkje her gå inn på heile handlinga, men denne teksten er noko av det mest komplekse eg har vore borti.Her er sjangerblanding så det foreslår.Tusen og en natt, Bollywood, filmar i det heile,samfunnskritikk og framfor alt Dickens ! ! Her er eventyr, underlege samantreff, vonde menneske og gode.Dei vonde får si straff og dei gode si løn. Høyrest det ut som ein klisjé ? Ikkje ein, men mange. Men det er gjort bevisst.Og sjangerblandinga vert til og med kommentert i ei av historiene.
Ikkje alle historiene fenger like mykje, men tross det er dette ei herlig bok.
Ein kan godt lese den som kiosklitteratur og underhaldning,men her er så mange botnar og så mykje ein kan spinne vidare på at eg trur nesten eg må lese den ein gong til.Humor og sarkasmar som eg er svak for. Unn deg å lese denne boka. Eg trur eg vil sjå filmen også.
Les omslaget og
du kan også lese om boka
her.

4 kommentarer:

solveig sa...

Den kunne eg tenkt meg å lese før eg ser filmen!

Elin sa...

Eg og Audhild såg filmen i går kveld, sterke historier. Fekk ikkje sett filmen på kino, trur nok han gjer seg ekstra i stort format. Om eg les boka, veit eg ikkje.

solveig sa...

Vi skal kjøpe ny og større TV no når det brakar laus med engelsk fotball.........

Besta sa...

Trur eg må sjå filmen også, men eg tvilar på om den underfundige humoren,sarkasmen m.m.som er i boka,kjem fram i filmen?

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...