fredag, august 14, 2009

Gamle kunstar.




Far i huset har vakse opp i fiskarmiljø, der dei måtte klare det meste sjølve. Såleis kan han ymse ting som etter kvar går i gløymeboka. Til dømes kan han å "bitte gan" (binde garn), dvs. at han kan både å lage fiskegarn og reparere dei.I dag driv han og demonstrerer for meg korleis han gjer det.Dimensjonane på prøvelappen er 16 omfar pr. alen. For sikkerheits skuld har han målt med eit gammalt alnemål.Til orientering er ei alen ca 63cm.
Dersom nokon skulle ha lyst å lære denne kunsten, stiller han seg villig til å lære bort. Som de ser har han ei spesialnål til dette bruk.I enden av arbeidet kan de sjå eit trestykke som han kallar vre, det bestemmer maskestorleiken.


3 kommentarer:

solveig sa...

Det er nok ikkje berre denne type handarbeid som held på å gå i gløymeboka. No er det "bruk og kast" eller "slit og sleng" som råder.

Hildegard sa...

Interessant, kjekt med litt innadørs sysler i regnveret. Han burde melde seg som lærar til Friundervisninga, kanskje gubbane i SV vil lære garnbøting?
Eidabesta

Besta sa...

Trur ikkje garnbøting er noko for yngre SV-arar.Garna som vert laga no for tida treng som regel ikkje bøting sidan dei er laga i nylon.Men det er litt artig å kunne sånn litt gammeldagse ting.Kanskje eg kan lære det?(Om ikkje anna).

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...