mandag, juni 29, 2009

Økologisk hagebruk?

I dag var det så varmt at ikkje ein gong eg orka å sitte/ligge rett ut i sola.Men å vere i skyggen går heller ikkje an,så vi sette i gang med eit hageprosjekt. Nils saga ned tre rotekte plommetre nede i hagen. Dei var blitt så store at dei skygde både for jordbær og bringebær. Eg hjelpte til å klippe kvister og greiner med hagesaks, og så sette vi i gang kompostkverna.Nils mata og eg sende. Eg har inga aning om kor mange tre som har gått gjennom kverna, men det er ikkje få!
Dei tjukkaste stammane og greinene vart saga til ved, så dei skal få varme oss ein gong til!

Her kan de sjå kva som vart att av kvistar og små greiner. Denne massen brukar vi til å dekke over og kvele ugraset nedst i hagen.
Heile arbeidet tok ca 2 timar. Sveitten sila, men det er berre godt. Til slutt skåla vi i Bris og Fun light!


1 kommentar:

solveig sa...

Eg har arbeidd meg gjennom to CD-ar i hagen i dag. Eg har grave ned matkompost. Når eg kjem heim frå ferie, skal eg plante oppi den. No skal den berre få godgjere seg eit par veker.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...