torsdag, april 02, 2009

Shopping.


I går var eg på kafé og shopping med ei veninne. Kjøpte blomster+ ein duk til påske.I dag måtte eg på biblioteket. Eg har lært meg å bruke MP3 -spelaren, men ikkje om natta, så eg må ha eit alternativ. Fann to nye lydbøker som eg tok med heim.Krim sjølvsagt!
Så var vi på Jernia, fordi eg ville ha ei kakeform som "slapp" litt betre.Der fann eg ei med lok, noko som er lurt når ein skal fryse eller frakte kaker. Kjøpte også eit steikebrett, sameleis som Solveig anbefalte.
Har berre gamle termokanner, som eg aldri brukar. Har lenge tenkt å kjøpe meg ei ny, og i dag gjorde eg det. Rasmus tek seg vel ein høg ein når han ser at det er samme type som han har hatt i mange år og som eg har nekta han å bruke anna enn i bilen!!! Men mi er ny og fin, og vart i fjor kåra til "best i test".Så no ventar eg berre på besøk, så eg får bruke den.

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi har og ei sånn kanne som vi fekk føe den nye de kjøpte......
Sikkert god sidan dei held på modellen!
Steikebrettet har eg anbefalt, ja. Det er ypperleg til foccacia.
I går steikte vi bollar på, vi sprya litt, men eg trur dei ville ha sluppe brettet uansett.
Sa eg at eg kjøpte meg eitt til for ei tid sidan?
Eg vurderer å kjøpe til skulen også.

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Bomma litt på rettskrivinga, så eg sletta forrige innlegg. Det eg skulle seie var at du har gjort kjekke og nyttige investeringar.
Fin dag i dag, men litt for mykje vind her. Blomsterbeddet ditt ser ut til å bli fint. God helg! Hels gemalen.
Eidabesta

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...