lørdag, april 04, 2009

Fisk i garna.







I går sette Harald og Nils ut båten på Rjåneset, der vi endelig har fått plass i hamna. Dei fiska litt langsmed utan å få noko. Så sette dei ut garn, før dei kom heim att. Nils var tidleg oppe i dag og drog. Det vart mest torsk og sei, men også ein diger breiflabb. Nils har aldri "slakta" ein breiflabb før, så han er litt i tvil om korleis han skal gripe saka an, men han finn vel ut av det. Breiflabben vart ikkje rekna som matfisk i gamle dagar; no er det ein delikatesse!
PS: Det gjekk fint med "slaktinga".

3 kommentarer:

Janne sa...

Det såg litt dramatisk ut nede på tunet! Stygg fisk å sjå til, men veldig god å ete. (dessverre ikkje for meg lenger, sidan allergien min no omfattar denne fiskesorten også)

Besta sa...

Ja, no står det berre att å finne ei god oppskrift. Har ikkje laga til denne fiskesorten før.Men det går vel bra.

Hildegard sa...

Er spent på breiflabben. Det er vel bakparten som kan etast? Eg har ete breiflabb på "finare" restaurant i jobb-samanheng. Har sett store kar med breiflabbhaud ute på fiskemottaket til Br. Larsen i Kalvåg, trur dei blir malne opp til fór.
Eidabesta

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...