søndag, april 05, 2009

Palmesundag i nr.7.


Skuff-ande "påske-ver" i dag, så eg er glad for at eg var så mykje ute i går. Nils hadde mykje fisk som han måtte ta seg av i dag, og det vart "Søndagssei" til middag.Det er min litt spesielle vri på seibiff, med litt for mange kaloriar. Men godt!! Etter middag las eg litt i boka mi, hekla ei oldemorsrute eller to, men fann ut at det var betre å strikke lestar likevel.Begynte å gå litt på tomgang, men så fann eg ut at vi like godt kunne lage fiskekaker i dag som i morgon, sidan Nils alt hadde mele opp fisken på handkvern.Og på ei lita stund hadde vi laga ca 70 fiskekaker. Meir er det ikkje vits å lage i gongen, då blir dei for gamle i frysaren.
Så vil eg nytte høvet til å ønske alle bloggvennane mine fortsatt
God påske.

4 kommentarer:

solveig sa...

Det ser godt ut!
Eg har også lurt meg til innandars arbeid i dag. Eg har så lyst å vere ute og jobbe på kvardagane!

Bjørg sa...

Så flotte fiskekaker, du!
God påske til deg og Nils!

Trulte sa...

Nå fikk jeg lyst til å lage seikaker. (jeg lager mine med fløte og ofte litt gressløk, de er også namnam,"

Hildegard sa...

Nam - nam. Dette såg godt ut! Kjekt å gjere noko fornuftig inne når det er styggever ute.
Eidabesta

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...