mandag, april 06, 2009

Bok nr.22. Klassisk engelsk krim.

PD James og Adam Dalgliesh er vel kjende personar for dei fleste, både frå bøker og TV.Har lese tre av bøkene hennar som lydbøker,og når eg tenkjer tilbake på dei, er dei nokså like alle tre.
Om eg spør:Kva er god krim? så ville eg vel få utrulig mange ulike svar; trur knapt eg kan svare sjølv.Anten likar ein ei boka eller ein gjer det ikkje.For meg er det viktig at boka held fokus på "saka",sjølv om det gjerne kan vere noko "privatliv" innimellom. Det viktigaste er at saka vert løyst, alle trådar nøsta opp, og løysinga må vere logisk. Ein må kunne tru at personen var i stand til å gjere brotsverket, fordi han eller ho hadde god grunn til det.Ein drep ikkje for ingen ting- i alle fall ikkje i bøker.
Og kva skal eg meine om denne romanen? Klassisk engelsk krim av beste kvalitet? Tja? Som lydbok blei boka litt langdryg for meg;her er for mykje "fyllstoff" etter min smak.Men boka har absolutt kvalitet,sjølv om ho ikkje akkurat er ein pageturner.
Vi har vel alle vår krimheltar. Mine er Kurt Wallander og Inspektør Lynley - akkurat no.

11 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har også lånt meg ei lydbok no. Prøvde å høyre på den medan eg laga gulrotkake og rydda på kjøkkenet i dag. Fekk med meg handlinga sånn halvvegs. Veit ikkje om eg klarar å venne meg til lydbok?....

arieldog sa...

Tek litt tid å lære seg til å kople ut andre tankar, og så er det lurt med litt lettlesne bøker. Det blir faktisk litt kjekt å brette klesvask og rydde kjøken når ein har lydbok, men familien bør ikkje vere til stades.

Trulte sa...

Jeg har mange lydbøker, og radioteater. For meg er det viktig hvem som leser boka, og mine favoritter er Helge Jordal og Lasse Lindtner. Og en av de værste er Jan Grønli. Sistnevnt får meg helt til å miste lysten til å høre mer, stemmen hans klarer ikke å fenge meg. Min krimfavoritter innen lydbokverden er Staalesen og Marklund. (krim ellers så står Wallander og Beck høyt i kurs her) Radioteater er forfatterene Mehlum, Ranum og Becker favoritter. For å venne seg til lydbøker tror jeg det er lurt å begynne med en av NRK's radioteater. De er lette å høre på.

Besta sa...

Lasse Lindtner er favoritten når det gjeld Varg Veum-utan han hadde eg ikkje brytt meg om å lese bøkene.Held på med ei akkurat no.
Jan Grønli har ei herlig stemme å sovne til.Det er mange flinke lesarar; kunsten er å variere stemma passelig mykje, utan å tolke heile boka.
Elles begynner eg å bli lei av krim! Har lese litt for mykje av den sorten i seinare år.Marklund er bra!
Elles har Sverige mange andre gode krimdamer også.

Besta sa...

Har de lese krimbøkene til den islandske forfattaren Arnaldur Indridason? Eg har lese alle. Det er bøker som eg likar.Dei er av typen "kalde spor".

Hildegard sa...

Har googla forfattaren tidlegare i samband med reklame på Online.no si startside (Aschehaug).
P.D. James er ein kvinneleg krimforfattar, 89 år gamal.
Denne boka er utgitt i 2009 - kan det vere riktig? I tilfelle er det utruleg. Eg var på biblioteket og lånte eit bind frå 76/77 med 3 bøker, bl.a. "En upassende jobb for en kvinne". Eidabesta

Hildegard sa...

Ser i programbladet at det byrjar ein islandsk krimserie 16. april på nrk1.
Det blir lite lese med meg, men får med meg dei fleste britiske, svenske og danske krimseriane på TV! Felles interesse med ektemannen. Eidabesta

solveig sa...

Krimhelt?
Gje meg Tony Hill, på TV og i bøker!

Besta sa...

Tony Hill? Kven erhan? Kva heiter serien og bøkene?Eg er håplaus med å hugse namn.

Besta sa...

Det er tydelig at PD James er gammal, for det er noko gammalmodig over bøkene, til tross for at ho i denne som eg las no hadde fått med både data og mobiltelefon.
Dei islandske bøkene som eg skriv om heiter:Røsten. Graven.Vinterbyen. Og så er det eit par eg ikkje hugsar i farten.

solveig sa...

Tony Hill er psykolog og lagar profilar i "Arr i sjelen". Der er alltid grusome seriemord.