fredag, april 10, 2009

Samling på Bjørnaset.


I dag var stor-familien samla hos Margrete og Lars med fam.Dei fleste har vel fått med seg det.Dei andre har skrive om mat og kaker etc.,så eg skal ikkje gjere det. Det vart mykje fotografering, så eg tok ikkje så mange bilde. Berre nokre av barnebarna i sofaen, der dei såg TV. Kva dei såg?Jau, det var video-opptak frå tilstellinga på grendahuset på Staumshamn den 29. mars.
Dei to største gutane var att på Hareid, og ei av dei andre var ikkje til stades akkurat her.
Kongsberggutane har feira påske på hytta i Hovin og på badeland ved Sarpsborg.Tok båten heimover frå Strømstad i dag.Men dei er no ikkje ferdige med ferien enno, dei heller.
Vi har ingen spesifikke planar for resten av helga, tek det som det kjem. Mykje er avhengig av veret, men vi har ferie året rundt, så vi
treng ikkje syte om vi får ein regnversdag.

1 kommentar:

arieldog sa...

Litt av ein gjeng - vise film av seg sjølve som underhaldning? Takk igjen for triveleg besøk, god mat og fine blomar!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...