På CD nummer 3 var eg overbevist om kven "skurken" var

Men boka har andre kvalitetar.
Sidan handlinga er lagd til Paris og forfattaren skildrar byen, menneska og ikkje minst maten på ein framifrå måte, blir boka underhaldande og lærerik på mange måtar.
Spesielt er det også at "heltinna" Orla Os kjem frå Melbu i Vesterålen,men bur og arbeider i Paris. DET er ein litt spesiell vri.
Les gjerne kritikkar på nettet eller les boka!
2 kommentarer:
Fin påskeblogg. I dag var Kristine og eg på det nye biblioteket og lånte barne-filmar/-bøker og krim til påske. Fekk lyst å prøve ein "ny" forfattar, P.D. James, ho som bl.a. har skrive bøkene om Adam Dalgliesh.
Eidabesta
Eg har lese bøker av PD James. Dei er ganske bra!
Elles begynner eg å bli nokså lei krim, men krimbøker passar å lese som lydbok, så det er mange av dei.
Legg inn en kommentar