søndag, april 12, 2009

Fødselsdagar og familiehistorie.
















I dag er det 100 år sidan mor til Nils vart fødd. Ho var den yngste av ni sysken som vaks opp i det vesle huset i Rørdalen i Solund. Dei tre systrene heitte Ragna,Anna og Ingeborg; brørne var Magnus, Nikolai,Sigurd,Bertel og Lyder.Foreldra var Nils Rørdal og Stina f.Hjønnevåg. Yngste jenta fekk namnet Fredrikke Johanna, men vart i alle dagar kalla Johanne, med trykk på første staving.
I ungdommen var Johanna i teneste i Alverstraumen og i Bergen. Seinare gifte ho seg med Rasmus Martin Elias Trovåg frå Trovåg i Solund.Saman fekk dei fire barn.Anne Marie vart fødd på mora sin 26-årsdag, Nils Steinar i 1936, Leon Severin i 1939 og Rolf Jostein i 1941.Leon kom bort på sjøen då han var i 17-årsalderen, dei andre tre er still going strong.
Johanna hadde eit strevsomt liv i dei åra barna vaks opp. Ikkje berre var ho åleine med det meste heime, sidan Rasmus var fiskar og såleis mykje borte,men alt var også tungvint den gongen.Elektrisitet fekk dei ikkje før i 1956, så det var ikkje så lett å stelle hus og fjøs.Kyr måtte dei ha for å ha mjølk, og så hadde dei sauer som gjekk ute det meste av året. Gris hadde dei også innimellom, og høner.I tillegg til alt det daglege sydde Johanna klede til barna og seg sjølv; karda, spann og strikka.Og dette var ikkje på hobbybasis! Men Johanna var sterk og frisk med stor arbeidskapasitet, og ei flink husmor var ho.
Då ho miste sonen Leon i 1956 og Rasmus vart sjuk av kreft og døydde i 1962, miste ho noko av livslysta.Det vart tungt og vanskelig for henne.Men ho var fysisk sterk og frisk og greidde seg åleine i mange år.Dei siste åra budde ho på Solund sjuke-og aldersheim på Hardbakke.
Sidan Margrete har skrive om 90-årsdagfeiring ,skal eg begrense meg til å legge inn tre bilde.Eitt av huset i Rørdalen der Johanna voks opp, og to frå 90-årsdagsfeiringa.På det eine er det barnebarnet Solveig og oldebarnet Olaug som pratar med jubilanten, og på det andre ser vi Rolf, Anne Marie og Nils.
Til slutt vil vi sjølvsagt gratulere Anne-Marie som fyller 74 år i dag.






1 kommentar:

Hildegard sa...

Dette var eit koseleg innlegg.
Eidabesta

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...