fredag, april 10, 2009

Bok nr.23. Svensk kvalitetskrim.

No har eg lese ut enda ei bok, det gjekk litt seinare enn vanlig fordi eg måtte spele den av på datamaskina,den ville ikkje gi lyd frå seg på Walkman.Og her kan eg ikkje sitte så lenge om gongen.Denne boka vil eg verkelig anbefale.Her er ikkje skurkar og politi som driv vill jakt på kvarandre i storbyens jungel.Det er vanlege menneske både i politiet og elles på den vesle staden,men nokre av dei har ein mørk løyndom.Meir skal eg ikkje røpe.EG likte boka! Skal eg nemne noko som er litt negativt, så må det vere at der er litt for mykje "small talk" innimellom.Det viktigaste for meg når det gjeld krim er at eg "kjøper"slutten.At eg tenkjer som så:Dette KUNNE verkelig ha skjedd.Og at alle trådar blir nøsta opp. DET er eit must. Denne boka held mål.


3 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese litt om forfattaren, men ikkje kome frampå bøkene enno. Vi får sjå etter påske når det kjem ny ladning med lydbøker.

Elin sa...

Takk for koseleg påskekommentar! Fint at brikka kjem til nytte...blant alt du har i dine gjemmer...
Bøkene dine klarer eg ikkje å følgje med på, men kan opplyse at eg no er ferdig med alle 3 Stig Larsson, og at eg har sett filmen. Den bør du absolutt få med deg, eg storkosa meg, men kneip igjen augene der eg visste det var for brutalt. Skodespelarane var glimrande, etter mitt syn.
Ha ei fortsatt fin påske!

Besta sa...

Filmen har gått her lenge no utan eg har sett den.Likte den første boka, men ikkje så godt dei to andre.Filmen er sikkert bra, men det er ei pine for meg å sitte i ro så lenge(Eg LIGG fram for TV)
Håpe de kosar dokke i ferien. Vi ventar Margrete &fam ein tur i morgon.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...