onsdag, april 15, 2009

Eirik fyller 12 år i dag.











I dag kan vi gratulere den kjekke guten på Storebakken med dagen!
Eirik har vore ein solstråle frå første dag og er det enno.Heilt frå han var bitte liten har han vore uvanlig sprek og aktiv. Hugsar den sommaren han rigga seg til med badebasseng framfor reia så han kunne hoppe av reia og ned i dammen-då var han ikkje gamle karen. No går det i hip-hop, fotball og musikk+ alle slags andre mindre organiserte aktivitetar.Eg brukar å seie at besteforeldre har lov til å skryte uhemma,men må likevel begrense meg.Nyare bilde av guten finn vi på bloggen til mora stadig vekk, så eg har rota fram nokre gamle.Her viser litt av utviklinga frå han var baby, til sommaren før han og kusina skulle begynne på skulen.
Lykke til med bursdagsfeiringa, Eirik!!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulasjonar frå oss også. Ja, Eirik er nok ein ekte sjarmør.
Eidabesta

arieldog sa...

Dei to på det siste biletet kunne ha passert som tvillingar den tida. Eit koseleg bilete!

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...