torsdag, mars 12, 2009

Bok nr.17.


Eg hadde lese eit par plater av denne boka, då det gjekk opp for meg at eg hadde lese den før.Det var ikkje så mykje eg hugsa frå første lesing, så eg vart "nøydd til" å lese den ferdig.Eg har heller ikkje lyst å skrive så mykje om denne boka, for når eg synest den vart i treigaste laget, kan det ha mange årsaker, som t.d. trøbbel med walkmanen, attåt det eg har lese den før.Derfor er det betre de les om boka her.

6 kommentarer:

solveig sa...

Denne har ikkje eg lese. Eg trur eg har lese ei krimbok av denne forfattaren, og den slikte eg.

Besta sa...

Faldbakken er meir vanlig forfattar enn "krim"-derfor blir menneska viktige, så dei blir godt skildra. Og så skriv han om natur og blomster.Las ein annan kriminalroman som han hadde skrive, og den var skikkelig GOD.Tittelen har eg sjølvsagt gløymt.

Besta sa...

Eg googla og fann ut at eg har lese TO andre krimbøker av Faldbakken:Nattefrost og Turneren. Begge var gode.

arieldog sa...

Eg har berre lese "mannabøkene" "Adams dagbok" og "Bad Boy" som er ein slags mannssakbøker, viss det er noko som heiter det. Altså ein parallell til kvinnesakslitteraturen. Eg var ikkje imponert. men dette er svært gamle bøker - den nyaste frå slutten av 80-talet.

solveig sa...

Turneren,ja, det må vere den eg las.

Besta sa...

Insektsommer var vel den boka han slo igjennom med.Den vart filma under tittelen Den sommeren jeg fylte 15 ...eller noko slikt.Nokon stor forfattar har han vel aldri vore. Men dei som er verkelig STORE skriv sjeldan krim. Med unntak av Henning Mankell.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...