mandag, januar 19, 2009

Sola er tilbake.


Her vi bur gøymer sola seg bak fjellet Mels-hornet nokre veker midt på vinteren, men i dag kom ho tilbake.At ho avslører skitne vindu og anna snusk, får vi prøve å oversjå og heller glede oss over strålane.Kanskje får vi meir arbeidslyst også?

Vil nytte høvet å gratulere Øyvind på Eid med dagen i dag!

4 kommentarer:

solveig sa...

Vi har litt sol heile året. Her kryp ho over Melshornet kring 12 februar, trur eg.
Vi merkar at det vert lysare ettermiddagar. Det er godt å gå heim i dagslys.

Elin sa...

Gratulerer med soldagen! Sei meg, er det det same Melshornet det er tale om i Ørsta og på Hareid?

Besta sa...

Nei! Vi har kvar vårt Melshorn, men dei er ikkje så ulike, og begge skygger for sola!

arieldog sa...

Eg reiste til Molde og nedatt i dag - nydeleg sol på veg opp, og nydeleg stjerneskin på veg nedatt. Eg håpar godveret slår til når vi får sola òg - om eit par veker.

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...