søndag, januar 18, 2009

Håkon 15 år i dag.




I dag
gratu-lerer vi Håkon så mykje med 15 -årsdagen!
Når eg ser ut glaset i dag, minner det ikkje mykje om den kalde, snøfulle dagen han kom til verda.
Kjem i hug kva tanta sa ein gong, då eg meinte at 15 år ikkje var noko langt tidsrom. "Det er jo eit heilt liv!"meinte ho, som då var 15.
Håkon har heile tida vore ein sprek og oppvakt gut.Han begynte å springe rundt då han var 9mnd. og sidan har han sprunge fortare og fortare.Elles har han vore interessert både i fugl og fisk.Klassisk innan familien er ein situasjon då mormora syner han bilde på kakeboksen og spør:"Ser du pip-pipen?Håkon?"
Og han svarar:"Eke pip-pip,de e ei båmeis ".
Han har vore med morfaren på mange fisketurar,både med og utan fangst,men i seinare tid har vel fotballen teke mer og meir tid.Og midt oppi det heile passar han skulearbeidet sitt.
Gratulerer så mykje med dagen, Håkon! Og så kjem vi utover og feirar deg neste helg.
Bilda er frå sommaren 1994 og frå sist jul.

3 kommentarer:

solveig sa...

Han har arva kakeboksen med fuglane på. Men eg trur du hadde fått deg nytt krus. Guten var 2 år og hadde fått fuglebok av deg til jul. Den kasta han seg over. Viss eg sette meg ned i sofaen, kom han straks etter med ei eller anna faktabok og sat og peika. Eg svarte og han pugga.

Besta sa...

Ja, det kan godt hende at det var kruset eg peika på for der var det også blåmeis.

Hildegard sa...

Vi gratulerer også!
Eidabesta/besten

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...