Kom dessverre i skade for å slette den knusande kritikken min av MØRKEMANNEN i går, då eg skulle fikse på noko anna. Men eg går ut frå at lesarane hadde fått med seg det meste? Kanskje ikkje at Eidabesta og -besten hadde sett filmen.
Elles vart eg litt oppløfta då eg såg litt av Frokost-TV i går. Finn Schjøll ønska seg faktisk heimestrikka sokkar til jul.FORDI DET VAR SÅ TRENDY.Så hermed må det vere klart: Det er TRENDY julegåver eg gir bort!(Eg trudde berre dei var gode og varme).
Må også ta med ein kommentar frå Minstejenta, då ho såg på kor eg strikka:Det er ikkje vanskelig å LAGE julegåver når ein kan å strikke!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
4 kommentarer:
Det er vel ikkje alle som tenkjer på kva som er trendy når dei frys på beina!
Ja, BlomsterFinn får noko positivt ut av det meste. Likar han betre enn JanThomas.
Så sant, så sant - det er ikkje farleg når ein kan strikke!
Eg føler meg priviligert som kan sitje med eit strikketøy og kose meg i forholdsvis "ung alder" mens mine tidlegare kollegaer må "svare for" finanskrisa, renter, strukturerte produkt m.v. Eidabesta
Eg forstår godt kva du meiner, for slik har eg det sjølv når vi køyrer forbi den gamle skulen min som er under påbygging på andre året. Eg veit korleis DET er. Glad eg slutta då eg gjorde!
Eg la merke tilat statsministeren hadde fått eit nytt namn på finanskrisa i går, noko sånt som verdens.... økonomiske nedgangstider. Det høyrest betre ut av ein eller annan grunn.
I fjor hadde visst bankane lånt ut 15% meir enn året før.
Det kan ikkje vekse opp i himmelen!
Legg inn en kommentar