mandag, desember 08, 2008

Lydbok- krim.


Når eg les krim på lydbok, har eg lett for å gå surr både i namn og hendingar, men denne boka var ekstremt rydding frå først til sist. Eg fekk med meg alt som skjedde utan problem, og tykte den var interessant og spennande. Så les eg kritikkane på nettet, og der meiner dei mellom anna at boka er for "enkel". Mulig det. Men det enkleste er ofte det beste-også når det gjeld krim.Eg likar at alle trådar blir nøsta opp og at ein ikkje er i tvil om kven "skurkane" er til slutt. Eg er kanskje litt enkel eg også?
No kan det virke litt umoralsk at eg sit og les krim( og strikkar) mens andre stressar med alle slags juleførebuingar. Til mitt forsvar kan eg seie at eg vart litt elendig etter at eg hadde vore på trening i dag. Men NO skal eg ta meg ei stund og jobbe.

5 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med ny layout! Men du, all denne krimmen, ikkje noko overgår verkelgheita, så eg er slutta å lese krim, orkar det rett og slett ikkje!
Kom igjen med meir kjekke oppskrifter på kaker og denslags!

Besta sa...

Når eg les mykje krim, er det fordi det er den som blir lesen inn som lydbøker.Og verklegheita mi er nok ikkje så spennande som di? Men eg forstår kva du meiner. Du las vel om ei anna bok eg la ut på bloggen Fredagsstrikkeklubben-det hadde vel vore noko for deg? Kaker er eg svært lite interessert i og bakar lite. Slik blir det når verken den eine eller den andre kan ete søtt.Gratulerer med kjempeflott teppe forresten!

solveig sa...

Sei meg, kva heiter helten i boka? Eg lurer på om eg har lese bøker av han før, kanskje i sommar?

Hildegard sa...

For nokre år sidan las eg boka "Hvitvasking" av denne forfatteren. Trur han nett har skreve ny bok. Han er 53 år, er utdanna siviløk og ingeniør og har bl.a. jobba i bank. Kan vere enig med Lappetausa, spesielt i desse tider, men vi må berre akseptere at vi er forskjellige, nokon toler meir krim enn andre.
Eidabesta

Besta sa...

Eg har lese minst ei bok av han før, mellom anna ei som han har fått Rivertonprisen for.Her er mange gode norske krimforfattarar,derfor er eg litt irritert over at Unni Lindell får meir oppmerksomheit enn ho fortener.Sjølv om eg likar krim, synest eg det er veldig kjekt å lese andre bøker også. Og det gjer eg.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...