søndag, desember 28, 2008

Julesokkane.


Som de veit hadde eg eit prosjekt på gang før jul, og det var å strikke sokkar til alle barn, svigerbarn og barnebarn. Eg kom i mål med god margin, det vart opp til fleire par på somme av familiemedlemmene.Etterpå strikka eg eit par til meg sjølv og eit par til gemalen, før eg la pinnane på hylla.Eg strikkar sokkar, for då er det ikkje så veldig farlig om kroppen plutselig seier stopp. Kunne ikkje legge julegavene ut på blogg før jul, men her ser de prosjektet mitt strøydd utover stovegolvet.

6 kommentarer:

solveig sa...

NYTTIGE OG TRENDY GÅVER!

STRIKKEMOR(O) sa...

Litt av ein produksjon! Det er kjekt å strikke sokkar, raskt og variert. Og så er det noko ein verkeleg har bruk for og....
Ha ei fortsatt fin romjul!

arieldog sa...

Eg går vanlegvis berre med strikkasokkar når eg går på ski, men i dag tok eg på meg nyelabbane då eg skulle til Volda/Mork. Det fungerte veldig bra, så det spørs om eg konverterer...

Besta sa...

Såg i ein motereportasje at ein skulle ha lange strikkalester i høge støvlettar. Det var TRENDY.

Hildegard sa...

Litt av ein produksjon. Hjå oss er det stalljentene som er storforbrukarar av tjukke sokkar.
Fortsatt God Jul.
Eidabesta

Anonym sa...

Vil bare ønske deg og dine et flott nytt hobbyår.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...