søndag, desember 28, 2008

Avreise.




I dag var vi tidleg oppe til å vere oss. Rasmus &fam skulle ta 10-ferja frå Volda.Dei har ei lang reise framfor seg,men heldigvis er veret fint.Det er trist når dei reiser,men sikkert godt for dei å få nokre dagar heime før dei skal begynne på jobb, skule og barnehage igjen.

Det har vore mykje liv og røre her mens vi har hatt besøk,så det blir nok litt av ein overgang no når vi blir "åleine" igjen.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Dei får eit nydeleg reisever, spesielt samanlikna med då dei kom! Det var uansett kjekt at dei tok turen oppover.

Besta sa...

Ja, eg hadde nesten lyst å vere med på turen. Det er ein kjempefin tur i fint ver!Fekk nettopp melding om at dei nådde 13-ferja frå Mannheller.

Hildegard sa...

Kjekt at det klaffar med fergene for dei. Vi var på bryllaupsfest i går. Oslogjestane skulle reise i dag, men dei kom seg vel ikkje så tidleg av garde. Vi kom oss ikkje i seng før i to-tida, så vi har kvilt "føremiddagslur" i dag!
Eidabesta

Besta sa...

Håper det lagar seg slik at de får treffe Rasmus og fam. neste gong dei kjem. Dei hadde veldig lyst at de skulle komme på besøk, men måtte nytte fineveret til retretten.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...