onsdag, desember 31, 2008

Godt Nytt År 2009.


Så er vi komne til siste dagen i året og det er tid for ettertanke, særleg for oss som har levd ei stund. Det skjer ikkje all verda på eit år lenger, slik som det gjorde då vi var yngre. 2008 var ikkje året for dei store hendingane her i huset, verken på godt eller vondt, og det er kanskje det beste i vår alder?
Vi har det bra, helsa er sånn nokonlunde og vi er relativt oppgåande, så det får halde.
Når det gjeld verda elles er det ikkje fullt så roleg og stabilt. Det er lenge sidan vi passerte grensa til eit nytt år med så mykje uro- i form av krigar og finansielle kriser. Dei har litt av ei oppgåve dei som skal prøve å "rette opp att alle feil i frå i går".Glad for at det ikkje er mi oppgåve.
Så vil eg ønske alle blogglesarane mine alt godt i det nye året, og takke for all kontakt vi har hatt i året som snart er slutt.For meg som kjem så lite ut, betyr denne kontakten mykje.Håper på mange koselige blogginnlegg også neste år.

6 kommentarer:

Elin sa...

Ord til ettertanke dette! Eg ynskjer deg og Nils alt godt for det nye året. Tusen takk for all hyggeleg bloggekontakt siste året!

solveig sa...

Godt nytt år frå Hareid!

Anonym sa...

"Ramla" innom bloggen din ved eit tilfelle,og vart sitjande å lese både vel og lenge! Du skriv om kvardagslege ting som eg kjenner meg så godt att i, og så har du så fin måte å uttrykke deg på. Sjølv bloggar eg ikkje. Kanskje fall eg litt for bloggnamnet også, skjønnar at du ikkje er så veldig mange åra før meg :-)
Ha eit godt nytt år.
Helsing Inger i Masfjorden

Hildegard sa...

Koseleg innlegg på nyttårsafta. Tenkjer ofte på kor godt vi har det. Eg var ein times tid hjå mor mi på Eldretunet i middagstider og dei sat då med desserten. Fine pynta bord, stettglass, fine kaffi-koppar, heimelaga julekaker.
Godt å sjå at ein kan ha det fint sjølv om ein skulle bli senil. Ein honnør til dei som går og steller slike dagar og gjer det koseleg for dei gamle. Godt nytt år!

Besta sa...

Eg er så enig med Eidabesta! Og dei gamle fortener å ha det bra etter alt dei har streva.Hugsar kor fælt eg tykte det var på Gamleheimen då vi var der som speidarar og song veslejulafta.Dystert! ALLE har det betre no, i alle fall materielt sett.

Bjørg sa...

Godt nytt år til dykk begge frå oss i Farkvamen.
Fint å lese betraktningane dine. Det er så sant! Vi har det godt berre helsa er bra.
Helsing Bjørg

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...