torsdag, januar 01, 2009

Stjernegut på Kongsberg.


Klokka tolv nyttårsafta samlast dei næraste naboane på vegen ovafor huset vårt og somme skyt opp rakettar. Så også i år. Og for ein gongs skuld var nesten alle til stades. I seinare år har det vorte vanleg å reise til barn og barnebarn i jule-og nyttårshelga, men i år var alle heime. Og friske. Som regel går det diverse sykjer rundt juletid, men ikkje i år.Sidan eg ikkje har bilde frå feiringa, set eg inn eit bilde av den eine av gutane på Kongsberg i staden. Minstemann var vel somna.
Godt nytt år til alle!

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Godt nytt år til deg og til Nils!
Ja, det er ein del nyttårsbukkar fortsatt her, men ikkje så mange som før. Bildet av Henning er faktisk frå julafta. Bjørnar fekk ei jakke i julegave, og barten følgde med den. Kristine kledde seg ut som nissejente i går og gjekk nyttårsbukk saman med ei veninne. I dag har vi hatt kalkun til middag og Audny m/fam. var gjestar.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...