Tre år har Nils og eg vore "åleine" i jula, men i år har vi altså besøk av familien frå Kongsberg. Dermed vart det litt meir liv i leiren, blant anna med julenisse og masse pakkar. Dessverre vart kameraet tomt for straum midt i nissebesøket.
Noko av det kjekkaste gutane fekk var sengetøy med favorittane Ben 10 og Kaptein Sabeltann.For ikkje å nemne DVD-en Skrimmel skammel..........say no more. Håper alle lesarane mine har hatt det fint så langt i jula. I morgon ventar vi besøk frå Hareid og Bjørnaset.
1 kommentar:
Kjekt å vere i lag med familien julafta. Vi var hjå LilleMø og hadde ein fin kveld. Dagane går så altfor fort, heldigvis er det mange fridagar endå for dei som ikkje har turnus.
Eidabesta
Legg inn en kommentar