onsdag, november 12, 2008

Privat etterforsking.

I dag rakk eg å skrive avisinnlegg før eg gikk på trening. Sende same teksten til Møre og Møre-Nytt. Dei ringde frå MØRE , men frå vår avis har vi ikkje hørt noko. Dersom syndaren melder seg, kan vi få leigebil mens bilen vår er til reparasjon t.d.
Politiet ville vi skulle prøve med avisinnlegg først, men det er inga sak for dei å finne den "mistenkte" via elektronisk spor frå kortet ho betalte med. Viss det ikkje er ho som er den skuldige, kan vi berre gi opp. Ja, om ingen melder seg,då.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Trasig å kome ut for noko slikt! Eg håper vedkomande melder seg, slik at dokke blir fort ferdig med saka og får leigebil.

solveig sa...

Vi har plass i bilen laurdag...
Håpte at de hadde kontakta politiet. Dei kan no kalle vedkommande inn som vitne. Då bryt ho nåk saman og tilstår om ho ikkje har gjort det før ;-)

Besta sa...

Vi har bilen til ut i neste veke -i alle fall over helga. Så får vi ev.prøve å greie oss utan.
No veit vi no ikkje sikkert at det var den vi trur som bulka oss, eller at ho høyrde smellen. Alle er uskuldige til det motsette er bevist.

Hildegard sa...

Godt innlegg i avisa, er spent på om ho melder seg. Eidabesta

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...