fredag, mars 14, 2008

God påske !




No har eg gått ein tur i det fine veret.Har gått rundt Storebakken som er den øvste gata/vegen her på Vallabøen.Ingen stor idrettsprestasjon for andre enn ev.meg.Så får vi sjå om eg får mein av turen. MÅTTE ha meg ein tur ut og på altanen var det rett og slett for kaldt. Skal legge inn nokre bilde frå turen; går ut frå at dei fleste bloggleserane vil dra kjensel på Melshornet og på huset vårt+bil og båt.

Ved foten av Melshornet ligg Melle, eller Melsbygda, der vi budde våre 5 første år i Ørsta.Den vart også kalla Svartebygda fordi sola var borte store delar av året,særleg midt på dagen.Sola "kleiv Hornet" ca 1.april,då vart det sol frå tidleg morgon til sein kveld.

Vi får besøk av Rasmus og fam. i påska, men veit enno ikkje akkurat kva tid dei kjem.Gleder meg spesielt til å sjå att gutane, det blir så altfor sjelden vi møtest.

Første påskedag, på 15-årsdagen sin, skal Ingeborg døypast i Kilsfjord kyrkje.

Så vil eg ynskje alle lesarane mine ei GOD PÅSKE.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt at du prøver med små turar, det verste ein kan gjere er å gje seg over. Her prøver vi med ein god halvtime kvar dag, roleg og fin gange, viss veret er høveleg.
Det har vore nokre fine dagar no, men det er litt for tidleg å byrja med hagearbeid. Svein hadde seg ein tur på sjøen i går, men det vart ikkje fisk, truleg for kaldt endå. Elles går det i slektsgransking.
God Påske til deg og dine.
Eidabesta

Besta sa...

Eg har ingen ting imot å gå tur, men det blir liksom feil når eg må ta tablettar etterpå. Ventar på time hos fysioterapeuten.Nils har styrt ganske mykje i hagen.Rasmus kjem i morgon.

Anonym sa...

Eg har mi verste tid no om våren, når det gjeld smerte og stivheit. Det byrjar gjerne i midten av februar og varer til ut i mai. Eg har gått ein del turar saman med Audny og Victor, men merkar at det ikkje er så bra å gå for mykje på asfalt. Så no gler eg meg til eg kan begynne å gå på fjellet med stavar. Det er den beste medisin for meg! Ønsker dokke ei kjempefin påske!! Hilde

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...