I dag før middag var vi på shopping, og etter middag, mens det enno var sol, laga eg til solsenga mi på altanen, men dyne,pute og pledd. Det vart varmt og godt sjølv om sola forsvann ganske fort. Eg skulle lese dei siste par platene av Kafka på stranden. Det er berre det at når eg ligg slik og "les" blir det meste borte i ein draum som eg ikkje hugsar. No har eg imidlertid lese ut denne heilt spesielle boka. Var innom biblioteket i dag og sikra meg påskelektyre. Kjenner ikkje til desse bøkene og forfattarane, så det kan bli eit spennande møte, eller kanskje ikkje?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
4 kommentarer:
Hørest fantastisk ut med tid på altanen - eg håpar på ei roleg stund i morgon. Og gjerne litt sol.
Herleg å komme ut, men eg ville heller gått ein tur, for å seie det slik. Gleder meg til å lese den boka frå Australia, er litt hekta på det landet/kontinentet etter att eg las om att "En by som Alice" for eit par år sidan. Då hadde eg lydboka på øyret, papirutgåva på nattbordet og atlaset innan rekkevidde.
DET kallar eg å vere hekta, ja. Har ein stor bunke på nattbordet no, så eg gler meg til eg er ferdig med å rette den andre bunken. DÅ skal eg lese bøker, ikkje tekstar OM bøker.
Ja, det har vore fint siste to dagane. Vi prøver å gå ein tur kvar dag når det er bra ver. Det er godt tilrettelagt for gåande her i sentrum og fint i Malakoff.
Fekk litt arbeidslyst i går, vaska og støvsuga bilen min, blir vel til at vi skifter til sommardekk før påske, har vinterdekk på Jeepen. Hels mannen. Det blir vel snart fisking både her og der. Eidabesta.
Legg inn en kommentar