I dag var vi ein tur til Vik. Møtte Harald og Ruth, Gerd og Tor og vart ståande og prate både her og der.Eg hadde ikkje så mange ærend, men ville spandere eit par nye plantar i viduskarmen. Sidan det nærmar seg påske tenkte eg at eg like godt kunne kjøpe gule ildtoppar for dei står lenge og trivast bra her.Kjøpte dei rimelig på Coop. Sjelden eg kjøper gule blomster til meg sjølv, for sidan eg har bursdag rundt påsketid dei fleste år, plar eg få nok gule blomster då.Dei raude julestjernene går no for lut og kaldt vatn, men nektar å gi opp. Viss estetikarane blant dykk synest det ser nokså forferdelig ut med dei gule og raude blomstrane i lag, kan eg berolige dykk med at dei ikkje står slik plassert anna enn ved fotografering. I utepotta spirer løkane som eg fekk med Solveig sist helg, og dei veks fort.Sist eg var på Sissels blomster på Ørsta torg hadde dei så nydelige engelske pelargoniar; tenkte eg skulle kjøpe med ein til Solveig sidan vi skal dit ut i morgon. Men, dessverre Solveig, i dag hadde dei ikkje!!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.desember
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Du er den i familien som har finast påskepynt t.o.m eit flott påskeservise!
Ja, slik er det å ha fødselsdag i påsketider.Elles er no påskeserviset framme på stas heile året.
Legg inn en kommentar