tirsdag, januar 01, 2008

1. januar 2008.

Godt nytt år! Den første dagen i 2008 har vi i alle fall fint ver! Her er det sol i fjella og minus 5 grader.Det einaste som manglar er litt meir snø! Men ein kan vel ikkje få alt? Begge bilda er tekne rundt klokka 12.00, det eine mot det etter kvart så kjende Melshornet, det andre mot fjella Nivane som vi ser når vi står på trappa vår. Dei som er særs observante vil sjå skispora som går opp(og ned) til Nivane. Det er mange som har vore på tur dit opp i jula.Vi held oss framleis inne. Eg er minst like forkjøla som før. Men alt er ein overgang!


5 kommentarer:

Anonym sa...

...... sa grisen, ....

Besta sa...

Og kven er "grisen" ?

Besta sa...

Apropos grisen- var det ikkje reven som sa det? Då han blei flådd?

arieldog sa...

Eg er ikkje grisen, i alle fall. Godt nytt år! Vi stod opp til strålande sol i Ulsteinvik og hadde eit raskt, men hyggeleg besøk på Hareid før vi kom oss heim. No er det berre å håpe at ein kjem seg opp og ut i kvardagen att. God betring!

Anonym sa...

Godt nytt år! Og god betring! Det er veldig mange som har vore forkjøla denne jula. Her i huset to stk., men ikkje så veldig hardt.
Hilde

Dagbok 2026: 3. mars

Klokka er no16.25, ute regnar det og temperaturen er ca 4graderC, det er eit kjedelig ver, men vi har hatt så mykje fint ver denne vinteren ...