lørdag, januar 05, 2008

Nytt år- nye prosjekt

Etter ei jule- og nyttårshelg der eg for det meste har lege på sofaen og sløva, var eg i dag i form til ei lita innkjøpsrunde.
Først gikk turen til garnbutikken, for heilt sidan eg såg dei gammelrosa strømpene til Hilde har eg vore frista. Fann ein liknande farge i Sisu sidan dei dessverre ikkje har Opal her.
Men eg hadde ikkje gått mange stega før hofta protesterte vilt, så kva tid eg får strikke er heilt i det blå.........Sånn er det bare.Forkjøling går over, men andre plager får ein beholde.
Nesten deprimerande å gå rundt i butikkar no, for alt som var fint og fristande før jul har mista glansen. Nei, eg kjøper meg heller noko nytt når våren kjem.Går så lite ut like vel.Det einaste eg veit eg skal ut på er det årlege pensjonisttreffet på Velle skule den 15. januar.
Han som var rektor då eg begynte på den skulen i 1971 vart gravlagd i går, men eg var ikkje i form til å gå i kyrkja.Det blir vel ei lita minnestund for han på treffet.
Vi har hatt mykje fint ver i det siste, og eg håpa at sparkeføret skulle vare så eg fekk vere ute litt, men no er snøen nesten borte på vegane. Kanskje kjem det meir?
I alle fall vert dagane lengre og lysare etter kvart- og DET er jo bra.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Her starta året lyst og fint, men i dag var det grått! Eg fann meg endeleg vinterjakke i dag. Elles vart det eit par bukser og ein lett bluse. Alt i relativt dyre merke på halv pris.
s

Besta sa...

Ja, men ein må nesten vite kva ein treng. Ingen vits å kjøpe berre fordi det er billeg.
Tenkte på det omnprosjektet ditt. Du får skrive ei bok, t.d.
Frå grue til induksjon....
Mamma fortalde at mormora hennar, Mari Sætre, steikte brød i gryte over elden i grua ein sjeldan gong. Det gjekk helst i flatbrød og graut.

solveig sa...

Dei skriv at brød, det var flatbrød. Graut kokte dei ein gong om dagen, så då åt dei han varm, og så var det kald graut til dei andre måltida. Det er no folk som fortel, så skikken var vel ulik. Eg har prøvd å høyre med tamilar kva som er deira tradisjonelle brød. Nei, det får eg ikkje svar på, dei et ris til alle måltid. Kakene deira er kokt "graut" med rosiner og sukker lagt ut over ei plate.

arieldog sa...

Du får varsle meg når dei får inn nye varer på Miss B! På Amfi hadde dei så mykje klede før jul at eg tenkte der måtte bli eit utruleg sal no på nyåret, men eg har ikkje sjekka. Det har vore hardt nok å kome seg på jobb om ikkje ein skulle handle òg...

Besta sa...

Var innom Miss B i dag, men heldt ikkje ut så lenge. Eg fann ikkje noko til meg sjølv i farta, men du leitar vel etter andre ting enn eg?Viss du har lyst å ta deg ein tur på "fridagen", så er vi behjelpelige med barnepass. Tenkte eg skulle vore på Femina, men så langt kom eg ikkje.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...