mandag, desember 31, 2007

Godt nytt år -2008 !





Med dette vil eg ønske alle som les bloggen min alt godt i det nye året.Vil takke for all kontakt vi har hatt sidan eg begynte med bloggen i sommar ein gong.Det har vore kjekt!!!

Jula har vore litt laber her i huset i år i og med at vi har vore sjuke begge to, men det er no slikt som kjem seg, får vi tru. I dag har vi eit nydelig ver her, men kunne kanskje ønske oss litt meir snø.Nyttårsafta feirer vi to-eine, men skal no kose oss etter beste evne. Appetitten misser vi ikkje same kor sløve vi elles er. I kveld skal vi ha svineribbe, det er blitt tradisjon her. Julafta har vi pinnekjøtt.

Begge bilda er tekne frå altanen presis klokka 12.00. At Melshornet er så mørkt kjem av at eg har "sikta" på himmelen.

4 kommentarer:

solveig sa...

Godt nyttår til dykk også!
Her vert det pinnekjøt i dag også. I Vossamat står det at suen har to sider, ei til julaftan og ei til nyttårsaftan. Men vi satsar på å ikkje ha restar i morgon. Nok er nok.

Elin sa...

Eg ynskjer deg og Nils eit riktig godt nytt år!
Nyårsafta er ikkje så triveleg her som vi har skotredd hund, det legg ein dempar på feiringa. Far i huset bruker å ta ein biltur med hunden når det lid på kveld.
Jula har vore kjempetravel, så no ser eg fram til kvardagane igjen, hehe....

Besta sa...

Skotredd hund hadde vi også ein gong. Vi sette TV på så høgt vi kunne, det hjelpte litt, men det vart langt på natt før vi fekk "lufte" henne.Men det er vel siste året?
Godt nytt år i alle fall!

Anonym sa...

Godt nytt år!
Her var det pinnekjøt og svineribbe i og med at vi hadde middagsgjestar, eldstedøtra m/fam og oldemor. Om kvelden passa vi hunden deira, Viktor, mens dei og Osarane var hjå Magnus og feira nyttår/bursdag, noko som er blitt ein tradisjon. Vi skal i kaffibesøk i dag i lag med løkja-mormor/hauarane. Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...