I dag skal eg ein tur på biblioteket. Sende dei ein mail for eit par vekes tid sidan, der eg bad dei om å kjøpe inn Drageløperen og Tusen strålende soler på CD. For eit par dagar sidan ringde biblioteksjefen til meg, og sa at no var den første av desse komne, og ho hadde lagt den til side til meg. Den andre kjem nok seinare. Dei er veldig hjelpsomme når det gjeld å skaffe det eg spør etter, så i dag skal eg innom med ei konfekteske, hente Drageløperen og ønske dei God jul.
Sist eg var der fann eg to nye lydbøker .Det var krim! Av ein norsk forfattar som heiter Jan Mehlum. Eg har ikkje lese noko av han før, men han er BRA!!!!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:20.mai
Klokka er no 18.50, temperaturen ute er +12 grader, sola skin og det er litt vind. Vi har hatt mange fine dagar i mai, men no er det visst s...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
2 kommentarer:
Sikkert ikkje ofte dei får konfekt.
Det er intervju med Khaled Hosseini i Magasinet i dag. Han hadde gjeve dei 22 minutt på telefonen. Vi tek vare på det.
Det var tilfeldigvis pensjonerte Eli Lannerholm som var på biblio i dag.Men ho lova å dele med hine. Det er no tanken bak som tel.
Dei fleste tek biblioteket som sjølvsagt og tenkjer ikkje over at det i grunnen er ein fantastisk institusjon. Og gratis.
Legg inn en kommentar