torsdag, desember 13, 2007

Ny maskin i arbeid


I går fekk vi att bilen og for på El-kjøpfor å kjøpe ny oppvaskmaskin. Trefte på ein ekspeditør vi kjende, og han anbefalte varmt ei AEG-maskin i høvelig prisklasse, ca 4000kroner. Vi bestemte oss for den, men så hadde dei den ikkje på lager, og utstillingsmaskina var også seld.
Då dei ikkje kunne skaffe ei ny før om ei veke, sa eg berre at då fekk vi fare til Volda og sjå om dei hadde der."Er det inga anna maskin de kan tenkje dykk?", spude dei. Eg var i passelig krigshumør og peika ut ei som såg bra ut. "Ja, viss vi får denne til samme pris...........", sa eg litt nølande. Den tykte dei var vel dryg, men etter å ha konferert seg imellom og med sjefen, sa dei OK! Prisdifferansen var 1500 kroner.
Men no er eg litt i tvil! Har eg spart 1500 kroner, eller har eg ikkje ?
Pytt! Det viktigaste er at maskina funkar!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg skal sjekke i morgon! Mi kosta det same, og eg skal fort finne ut om du har fått meir for pengane. Tips: Ta tida!
s

Besta sa...

Det same som prislappen eller det eg betalte. Tida er ikkje så livsviktig for oss som ikkje vaskar opp så ofte.Det vart i alle fall reint. Der er eit kortvask som ein kan bruke på t.d. kaffikoppar etc.Trur det tek ca 20 min. vasket i dag tok ca 1,5 timar.Men vatnet er kaldt no!

solveig sa...

Eg synest du har gjort eit godt kjøp. Litt annleis brytarar enn eg er van med, men slikt må ein berre setje seg inn i. Det beste var at ho var svært romsleg. Elles eit stort pluss for tida.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...