tirsdag, desember 04, 2007

Julebakst

La det vere sagt med ein gong: Eg likar ikkje å bake! Særleg ikkje småkaker! Lykka er at eg likar ikkje så godt å ete dei heller, og Nils BØR ikkje ete søtt. Men i dag har eg teke fram favorittoppskrifta mi og lagar to Brasiliansk fruktkake. Lettvintare oppskrift finst ikkje, og den er god! Har fått den med ei veninne og lagar minst to til kvar jul.Fin å gi bort i presang også ! Til folk som har alt, med unntak av god tid ?
Her kjem oppskrifta:

1. Bland i ein bolle:

2 dl kveitemjøl
1,5 dl sukker
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

1/2 kg dadlar (utan stein)
1/2 liter nøttekjernar, mest heile paranøtter
(nydelige
ferdigreinska
paranøtter i posar på Kiwi i år, sikkert andre stader også)

2. Pisk 3 store egg lett og slå over det tørre, bland med f.eks ein slikkepott.

3. Steik i rund form 24-26 cm i vel ein time. Teperatur 150 grader

-----------------------------------------------------------------------------------------
Kommentarar:
Du skal ikkje dele opp verken frukt eller nøtter, men ha dei heile i deigen.
Når kaka er ferdig bør den pakkast inn i folie eller leggast i tett boks til modning før ein et den, eller ev. frys den.
Kaka skal skjerast i tynne stykke med kvass kniv.

Eg brukar å bytte ut litt av dadlane med tørka aprikos, det blir friskare. Elles kan ein variere både tørka frukt og nøtter i det uendelige berre ein passar på at mål og vekt stemmer.
Eg har brukt ferdige blandingar frå diverse posar t.d. "Man tager hva man haver".
NB: Paranøttene er eit must.

1 kommentar:

solveig sa...

Kanskje ein kunne doble oppskrifta i ei langpanne og dele den i 2 eller 4? Denne kaka er kjempegod!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...