søndag, desember 09, 2007

Den gamle skal ut.


Gler meg til å få ny maskin. Godt den gikk no, og ikkje midt i juleoppvasken.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg føler meg nesten som den oppvaskmaskina.... Vi fekk nytt kjøleskap fredag, og det er stor stas! Fryktar at nokre av dei viktige meldingane er blitt borte med det gamle skapet, men, men. Det gamle blir reserve no. Det mangla handtak pga turninga til Eirik, og Erlend hadde dekorert det med permanent tusj. Verst var det at halvparten av kjøleskapet var fryseboks, så det vart altfor lite plass til kjøling. No har vi til og med ei ledig hylle - så lenge det varer...

Besta sa...

Mi erfaring er at ein fyller den plassen ein har.Eg skulle ønske vårt var ei hylle høgare, golvplassen er den same.Elles er det godt for meg å ha fryseskuffer oppe. Rundt juletid har vi ekstra kjølekapasitet på altanen: Plastkasser med lok.

solveig sa...

Gjer ikkje same tabben som meg. Sjekk tida det tek. Eg kjøpte billeg maskin som brukar 2 1/2 time. Den forrige hadde mange program eg aldri brukte. Der tok det vanlege 1 1/2...

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...