søndag, desember 09, 2007
2.søndag i advent. Frustrasjonar.
I går hadde eg planlagt å bake 2 stk. Tosca-kaker.Enkelt, tenkte eg. Har gjort det før.Rett etter frokost, mens Nils gjekk tur med kameratane, sette eg med attmed kjøkkenbordet og skolda og strimla rikelig med mandlar. På øyret hadde eg Nicolai Cleve Broch som las Det annet kinn av Jan Mehlum, ei ganske morsom krimbok, så eg kjeda meg ikkje. Tvert imot gikk tida fort og eg merka ikkje at eg sat i ro altfor lenge, noko som er forferdelig gale for hofta mi. Då Nils kom heim, vaska og av-isa vi fryseskapet i kjellaren. Det vart litt for mykje bøy og tøy for meg, så etterpå var eg heilt konk både i rygg og hofte, så eg måtte ta smertestillande og legge meg på sofaen. Kreka meg opp att etter ei stund og laga dei to kakene, som såg heilt begredelige ut! Håpar dei smakar betre enn dei ser ut! Så laga eg middag, vi åt, sette på oppvaskmaskina, og freden senka seg framfor TV-en. Heilt til vi oppdaga at oppvaskmaskina hadde stoppa midt i vaskinga og absolutt ikkje VILLE meir. No har ho vore dårlig sidan august, men vi hadde bestemt at ho skulle få stå så lenge ho gjorde jobben.........I morgon må vi vel sjå til å få kjøpt ny.Det er berre det at bilen skal settast inn på verkstad i kveld og stå der i to dagar. Og El-kjøp har flytta frå butikken attmed bilverkstaden og bort til flyplassen.Så vi må nok fri til naboane.No har Nils tømt maskina med slage og fått den ut. Eg har vaska opp og fått på plass det som var inni.Så det ordnar seg litt etter kvart.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Uff ja, det passar aldri at noko går sundt! Kjekt når det nye er på plass! Eg fekk nettopp ny kjøkkenvifte. Sjølvsagt passa ingenting av "opphenget" frå den gamle så det blei litt av eit arbeid, eg trudde det skulle gjerast på ein snipp snare eg. Godt eg har ein nevenyttig mann!
Ha ei fin adventstid :)
Legg inn en kommentar