Hadde ikkje nokon bestemt plan for dagen i dag, veret var surt og trasig - akkurat som eg.
Men så fekk vi besøk av Harald og Bjørnesetungane, minus Ingeborg. Margrete er i Geiranger og Harald passa i dag sidan det eigentleg er "fridag" både for Margrete og ungane. Eg steikte vafler som gjekk ned på høgkant, og bra var det. Tenk om eg hadde blitt sittande att med dei.................grøss og gru.
Dei skulle på - nille og handle, og etter ei stund for vi også nedover. Eg er stadig på jakt etter ei gardinlengde til badet, derfor var eg innom og rota i restekassa i dag igjen. Gardiner til badet, fann eg ikkje, men derimot to kjempefine lengder, som kan brukast til andre ting. Pop-rock gardina kan f.eks. bli ekstragardin eller puter eller sengeteppe til Ingeborg? Bondegårdsgardina er litt spesiell. Ho er behandla på baksida med eit stoff som gjer henne lystett. Passar t.d. til barnerom? Eller her på datarommet, der eg ligg når eg ikkje får sove. Sjå berre kor godt den passar til tapeten!!!!!
No har vi ete heilt herlig seibiff av ufrosen sei!!! Det er godt det, same kva Håkon seier.Kanskje eg skal legge ut mi spesielle oppskrift på bloggen?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Gjer det! Øystein skal steike sei i morgon!
Steik vanleg løk+litt kvitløk + ein halv paprika(eller meir) i olje. Ha det over i ei eldfast form og set det på ei plate på svak varme.(slå av plata så det ikkje blir brent). Vend fisken i ei blanding av mjøl, salt og (kvitløk)-pepar. Steik fisken i margarin og legg den over i den eldfaste forma. Kok ut steikepanna med vatn og ev. litt lettrømme og slå over fisken. NB: Fisken skal IKKJE bade i saus.Bon appetit!
Det vart eg som laga til seien, laga den med litt lettrømme.
Godt. Alt vart oppete.
Legg inn en kommentar