lørdag, oktober 06, 2007

Laurbærhegg.

Denne buska blomstrar for andre gong i år. I vår var den pjuskete og full av brune blad, men sjå kor fin den er no! For dei som ikkje kjenner planten , kan eg opplyse om at den er vintergrøn og svært hardfør.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Hei, det var kjekt å sjå bilder frå turen dykkar! No er det endeleg haustferie, men eg trur eg stort sett kjem til å halde meg i ro heime. Det var trasig for Margrete og co. som fekk motorhavari! Det er greit nok å ete på Sinclare, men overnatte....
Fotoapparatet mitt heiter Canon Power Shot A70. Det var ikkje spesielt dyrt, men har 7.1 Mega Pixels. Det er vel litt avgjerande, trur eg. De får ha ei fin helg!!

STRIKKEMOR(O) sa...

Hmm, det var visst A710...

Besta sa...

Det var giret somm hadde hengt seg opp på bilen til Lars. Dei kunne køyre på eitt gir og skulle prøve å kome seg heimover.
Har notert meg namnet på apparatet ditt i fall eg vil kjøpe nytt. Men det er kanskje fotografen som skulle vore fornya? God helg og god ferie. Vi får besøk av Håkon, og så skal vi til Hareid ein av dagane.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...