Dette er den boka eg oftast kikar i av dei eg har i hylla.
Fekk ho med "tanteungane" mine på Eid til 60-årsdagen.
Her er mange gode oppskrifter på tradisjonsmat;
fine bilde og kulturstoff i tilknyting til mat.
Det er frå denne boka eg har henta oppskrifta på fiskekaker m.a.
Det er gitt ut ei bok til om same temaet, men eg greier meg lenge med denne.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
4 kommentarer:
Eg har "Alle tiders
FJORDAMATMAT-til høgtider og
fest". Det er også ei svært gjennomarbeidd og god bok.
Mykje å lese! Du kan få låne henne i morgon.
Solveig
Takk for det! No les eg Rabarbrakrigen, mens krigerane fiskar.
No har eg endeleg fått meg lånekort på biblioteket eg også. Lånte 2 lydbøker, FRI av A.K. Elstad og ei krimbok av Tom Kristensen. Har Fjordamat-boka, men det blir dessverre mest pannekaker, pølser m/brød m.v. til ungane. Laga foresten fiskekaker her ein dag! Heimebaka brød og ofte fisk på oss 2 pensjonistane då. Eidabesta
Til Eidabesta:Eg lagar fiskekaker etter oppskrifta "Palebollar"side 156. Elles kan eg anbefale Nedlagt fersk sild/makrell frå same sida for dei som likar kokt,kaldfisk.
På side 140 finn du buda der vi kjøpte den store seien den gongen de var med oss.Eg har også laga Tynne sveler frå Eid på side 69. Lefsene som dei laga i Sula står på s. 61 under tittelen Lefsekling. Svigermor brukte å ha med slike når ho kom på besøk.
Legg inn en kommentar