tirsdag, oktober 30, 2007

Den verste dagen?

Dette er den dagen i året er likar minst! Den dagen då den første våte, klisne snøen legg seg som ei glye på alt som er!
Har ikkje noko i mot snø i og for seg, men dette..........
Nils sagar ved i garasjen, eg bakar rundstykke.
Feiaren var her i går,derfor stigen!
Skal til på halsfellinga på ein raglangenser, men eg er litt i tvil, så eg må studere oppskrifta nøye.
Ikkje dei store hendingane her- heldigvis kan ein kanskje seie?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Uff då, dette såg ikkje noko kjekt ut! Eg har vore heime to dagar denne veka. Slo meg i hovudet på fredag då eg var i Stryn med kollegaene mine. Vi var fyrst på Marit Vollseter og etterpå på ein fiskerestaurant. Der var det eg deisa hovudet opp i eit kvart...Henning har også vore heime. Han har hatt diare sidan torsdag. Hilde

Besta sa...

Snakk om å vere uheldig! Får håpe du ikkje får varig mein.Forstår at det har sine fordelar å vere kortvokst!

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...