søndag, november 30, 2025

Dagbok 2025: 30.november


 Klokka er no16.30, temperaturen er under 0 grader , det har kome meir snø, og sikkert is også.Eg har ikkje vore ute og sjekka, men det ser skummelt ut. Men i morgon skal eg vere heime, så det er ikkje så farleg.
.

Eg hadde ein plan for denne dagen, men den måtte eg berre legge bort. Eg hadde tenkt å begynne å ta franm julepuynten og pynte litt kvar dag framtil jul. Julepynten har eg i kjellerbuda, for å sleppe å gå opp på loftet. Det første eg skulle ha tak i var stjerna som eg plar ha i stuevinduet, men den var ikkje å oppdrive, så kanskje den vart vraka i fjor. Eg hugsar ikkje.

Så var det lampen eg plar ha på kjøkkenbodet framfor glaset,den fann eg , men den lyste ikkje, eg veit at eg har lyspærer til den, men dei låg ikkje på plassen sin.Men det går fint å kjøpe nye pærer på Clas.


Eg fekk no pynta litt på gangen i alle fall. Det som er kjekt med julepynt det er at den som regel er gammal og ber på mange minne. advent-skransen fekk vi for mange år sidan frå Mimi og Rolf, i år fekk den fine, nye lilla lys. Så ltt fint blei det no. Men eg har no mange dagar att der eg kan"pynte". Ute har eg berre litt på døra, men alle naboane på andre sida av gata lyser opp for oss også.

Eg har ikkje gjort noko særleg i dag, men eg har strikka litt og så laga eg middag, det er ikkje så ofte eg gjer. Men i dag fekk eg livretten min, spekesild(kryddersild)med poteter og anna tilbehør.

Eg likar ikkje at det har blitt kaldare, det kunne ha vore fleir milde islause dagar, men eg har ikkje noko eg skulle ha sagt. I morgon er det ikkje noko eg SKAL, men eg ville gjerne hatt ein tur til VIk , viss ver og føre tillet det. Eg treng julepynt og medisinar (men er ikkje heilt lens).

Elles kan eg opplyse om at eg greidde den vanskelege sudokuen i Møre-Nytt denne helga også.



lørdag, november 29, 2025

Dagbok 2025: 29.november

Klokka er no18.00 temperaturen ute er +1 grad og det er overskya. Og som de ser på bildet har vi fått ny snø, noko eg ikkje er så glad for.

Dagen i dag starta tidleg, som vanleg. Eg var oppe klokka 6, og då tok eg like godt og laga frokost, før eg gjekk og la meg igjen med håp om å få sove litt til. Det vart ikkje så mykje søvn, men eg låg no i ro ei stund før eg stod opp igjen.

Eg hadde  litt forskjellig å styre med før Einar kom, presis som alltid, men det verken han eller eg hadde planlagt var at det skulle komme så mykje snø,  no når vegar og gater var fine og snøfri. Men vi åt litt og drakk kaffi etc. 


Eg hadde kjøpt lys til grava, og så skulle vi kjøpe krans,  det gjorde vi ikkje i dag, når veret var slik. Men vi tende dei to lysa eg hadde kjøpt og sette dei på grava, så får kransen komme seinare .

Vi handla på Spar i dag, det var eg som ville det for der har dei så god spekesild/kryddersild, - der var ein pakke att.

Vi måtte ha litt mat då vi kom heim att, og så fekk eg Einar til å henge opp dørkransen min, slik at eh kan pynte litt eg også. I morgon kan det hende at eg tek fram litt av kvart av julepynt og begynner å lage jul i heimen, eg har no julegardinene på plass for lengst.

Kvart år får eg ein fin juledekorasjon med Einar, den får eg som julegåve til advent, i dag hadde han med ein slik som han hadde kjøpt.
 

                        Eg ønsker at vi alle kan få ha ei god adventstid.

fredag, november 28, 2025

Dagbok 2025: 28.november

                                            Det lyser i stille grender...............
 

Klokka er no 17.44, temperaturen ute er ca +9 grader C og det er no berre nydelig-dvs, temperaturen. Elles er det vått og mørkt, men som de ser av bildet er det somme som lyser opp tilveret for oss andre også..

Eg kan ikkje seie at eg likar veret, men eg likar at det ikkje er kaldt. Men i dag har ikkje humøret vore på topp. Det begynte med at eg vakna og stod opp, men det var for tidleg så eg la meg igjen, dette hende fleire gonger. Og då eg  endeleg stod opp for godt var det ikkje så tidleg som det skulle ha vore. Men eg fekk no tatt fredagsvasken min før det var så seint. Seinare var eg opp til Marit såpass vi fekk oss ei pratestund, det var fleire dagar sidan sist.

II dag fekk eg Møre_Nytt med tre nye sudokuar og eg har ikkje løyst ein einaste  fullt ut enno. Det er slikt som irriterer meg grenselaust. Men eg reknar no med å komme i mål denne gongen også. Det gjorde eg sist.

I morgon vil Einar komme innover, og då skal vi stelle til på grava med krans og lys har vi tenkt.

Og så blir det vel litt handel på butikk. Eg synest der var så dumt at dei la ned kafeen i Furene, for då kunne ein handle på Coop -og ete på kafeen. Men vi har no mange andre kafèar rundt omkring.

Det er visstnok fredag i dag så då vil eg ønske alle ei god helg.

torsdag, november 27, 2025

Dagbok 2025: 27.november


 Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 3 grader C, det er overskya men opplett.  I dag var det bert på vegane då eg køyrde til treninga. Marit skulle ikkje på trening i dag, for ho hadde legetime, så eg for åleine.Eg køyrde beine vegen heim etter treninga. Eg hadde tenkt å gå opp til Marit når ho kom heim, men slik vart det ikkje, for ho var ikkje heilt frisk.

Eg åt litt mat og så vart eg sittande i ein stol utan å gjere noko som helst, det er veldig ulikt meg , men eg var så trøtt.Men eg kvikna til, så no har eg fyrt opp i omnen og tatt meg av ein klesvask etc. Men så mykje blir det ikkje med meg i dag, for eg er låk i ryggen; det er eg no ofte, så det er eg vant til.I morgon er det vaskedag, så eg tok ut oske av omnen i dag, så er det gjort. 

Komande veke er det julemøte i pensjonistlaget, på hotellet. Eg har ikkje meldt meg på, men eg var der ikkje i fjor heller. Marit har heller ikkje meldt seg på. Eg har ikkje vore på så mange møter heller;  sidan mange møter har vore på Rjåneset. Når det er møte på kulturhuset her, då møter eg opp. Eg var no i styret i 11 år, så eg skulle gjerne ha vore på fleire møte, men det er litt dumt at eg ikkje køyrer når det er mørkt.

Då det gjekk opp for meg at det er første søndag i advent komande søndag vart eg litt stressa, for no må eg til å finne fram all pynte og få lys og lykter på plass. Eg vil no ha pynten framme ei stund når eg først får den på plass. Eg skulle gjerne hatt den store "ryggebuska "mi full av lys, men det får eg vel ikkje til. Ein av naboane har eit stort tre fullt av lys og det er no FINT i mørketida.



                               Eg tenkte at han som moka tunet så fint, ville like å sjå det igjen.


onsdag, november 26, 2025

Dagbok 2025: 26.november

                              Dette bildet tok eg nettopp klokka 18.35
 

Klokka er no 18,40, temperaturen ute på trappa er no +5 grader, så no går det mot varmare dagar , og det er heilt greit for meg. Eg synest dette har vore ein tullete dag, for eg har ikkje gjort så mykje til gangs-  I dag var det siste spanskdagen før jul, og tida før eg skulle dit, brukte eg til å øve på leksa. Det er manga som har slutt på kurset og dei fleste som er att er slike som kan mykje frå før, som har budd i Spania og andre land der dei snakkar spansk, så eg føler meg ikkje heilt på topp i lag med dei. Men det er ikkje så nøye, eg går der mest for å komme i lag med folk- Eg handla litt mat på heimvegen, og åt litt etter eg var komen heim. Så sette eg meg til med strikketøy, dvs. lest. Eg begynte på eon lest i går kveld, men måtte ta opp att litt av det eg hadde strikka, og så vart det strikke og ta opp att ørten gonge, men no har eg endeleg fått strikka ferdig hælen, så då går vel resten av seg sjølv- . 

I morgon er det trening igjen, og vegane er snart berre. Det var fint å køyre nedover i dag også.

Eg var innom KIWI på heimvegen i dag, og då kjøpte er to lys til grava, viss Einar kjem innover så kan han og eg pynte opp litt til jul. Vi har snakka om det.

Det var godt å få juleferie frå spansken, for det er no litt jobb med den om ein skal lære nok. Eg har enno ikkje bestemt meg om eg skal gå på julebordet i pensjonistlaget , men er er kanskje for seint alt.


                                                          Dei selde dei berre slik; to og to.

                                                       (Lys til grava)

tirsdag, november 25, 2025

Dagbok 2025: 25.november

                                               Dette bildet tok eg akkurat no klokka 16.15

Klokka er no 16.19, temperaturen ute er  minus 4 grader, men dei melder mildver på sikt. I dag har det vore veldig fint, men kaldt ver. Det var fint å køyre nedover i dag tidleg også, når det er så kaldt er det ikkje glatt og det var faktisk sol. Etter at vi hadde vore på treninga, Marit og eg,  handla vi på KIWI. Eg handla relativt mykje for det var ei stund sidan sist. Då eg kom heim måtte eg ha meg litt mat før eg kveikte i omnen og sette meg til å småsove. Eg driv enno med å vakne og stå opp veldig tidleg, så det er ikkje rart at eg blir trøtt når det lid på.

Eg har jobba med spansken, men der går det smått, eg greier fint å lese og forstå tekstane, men når eg skal lage teksten sjølv blir det litt vanskelig, i morgon får vi heldigvis juleferie.

Har litt trøbbel med printeren min, slik var det sist eg skifta blekkpatron også,men då var det Helge som fekk det i orden til sist; det hugsar både Erlend og eg. Så eg må kanskje rope på Helge igjen, eg går ut frå at han er komen heim frå Spania no.

I avisa i dag står det at pensjonistlaget skal ha førjulstreff på hotellet og at ein må melde seg på. Eg får no sjå kva det blir til. I fjor var eg i alle fall ikkje med, og eg har ikkje vore så ofte på møta -fordi dei har halde til på Rjåneset, og så langt køyrer ikkje eg, og i alle fall ikkje viss det blir mørkt. Så eg har ikkje bestemt meg enno.

I dag har eg kjøpt lilla lys til advent. Det er lenge sidan sist eg gjorde det det, for eg likar i grunnen best å ha kvite lys til advent. Det er mange som har pynta opp ute alt, men det er berre fint med alle lysa. Det kan no hende at eg kunne ha lys ute også no, når eg har ein som kan hjelpe meg å få det til. (Eg tenkjer sjølvsagt på Erlend).Eg får ta ein tur på Clas.
 

mandag, november 24, 2025

Dagbok 2025: 24.november

 

Snart jul        

Klokka er no 17.02, temperaturen ute er minus 2 grader på målaren min, men på datamaskina står det minus 6 grader. Kva som er rett veit eg ikkje, men det er i alle fall kuldegrader ute no.

Dagen i dag vart litt lite effektiv for mitt vedkommande, men eg tek skulda for det sjølv. Eg skulle gjere spanskleksa mi i dag, men då måtte eg printe ut noko på datamaskina, men så var der ikkje meir "blekk" på printeren , så eg måtte kjøpe det. På Clas Olson. Der var eg kort tid etter opninga og fekk det eg skulla ha. Men eg ville ikkje sette den inn sjølv, for sist gonge eg gjorde det gjekk det heilt gale. Men eg hadde hjelpar i huset så det var ikkje farleg. Han ordna ut mens eg var oppe hos Marit i lag med den andre Marit- eg hadde eigentleg gløymt at eg skulle dit i dag. 

Men eg hadde kontakt med Erlend over telefonen og han sa i frå når han hadde gjort jobben sin. Då eg kom heim og skulle til å printe ut, skjedde det ikkje noko. Då kom eg på at slik var det sist eg fekk inn nytt "blekk" også, men det gjekk i orden til slutt. Det er berre det at eg hugsar ikkje korleis. Eg trur ikkje vi gjorde noko spesielt, men det vart i orden i alle fall.

Eg jobba litt med spansken før eg sette på TV-en, den har vore heilt i orden lenge no, først i går begynte den å tøyse, så no har eg den også å "reparere på." Men den virkar no i alle fall. Eg blir litt irritert på alle desse maskinene av og til, men eg vil no gjerne ha dei -uansett. Det er berre det at eg skulle ha vore litt flinkare å "reparere".

Det var fint å køyre bil i dag, så eg håper "føret" held seg til i morgon, for då er det trening.

Eg har ikkje laga meg middag i dag, så no kokar eg graut til kvelds-eg kjøper alltid melk for å "ha i hus" -så eg må no bruke den til noko.