Klokka er no 18,40, temperaturen ute på trappa er no +5 grader, så no går det mot varmare dagar , og det er heilt greit for meg. Eg synest dette har vore ein tullete dag, for eg har ikkje gjort så mykje til gangs- I dag var det siste spanskdagen før jul, og tida før eg skulle dit, brukte eg til å øve på leksa. Det er manga som har slutt på kurset og dei fleste som er att er slike som kan mykje frå før, som har budd i Spania og andre land der dei snakkar spansk, så eg føler meg ikkje heilt på topp i lag med dei. Men det er ikkje så nøye, eg går der mest for å komme i lag med folk- Eg handla litt mat på heimvegen, og åt litt etter eg var komen heim. Så sette eg meg til med strikketøy, dvs. lest. Eg begynte på eon lest i går kveld, men måtte ta opp att litt av det eg hadde strikka, og så vart det strikke og ta opp att ørten gonge, men no har eg endeleg fått strikka ferdig hælen, så då går vel resten av seg sjølv- .
I morgon er det trening igjen, og vegane er snart berre. Det var fint å køyre nedover i dag også.
Eg var innom KIWI på heimvegen i dag, og då kjøpte er to lys til grava, viss Einar kjem innover så kan han og eg pynte opp litt til jul. Vi har snakka om det.
Det var godt å få juleferie frå spansken, for det er no litt jobb med den om ein skal lære nok. Eg har enno ikkje bestemt meg om eg skal gå på julebordet i pensjonistlaget , men er er kanskje for seint alt.
(Lys til grava)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar