Klokka er no 16.19, temperaturen ute er minus 4 grader, men dei melder mildver på sikt. I dag har det vore veldig fint, men kaldt ver. Det var fint å køyre nedover i dag tidleg også, når det er så kaldt er det ikkje glatt og det var faktisk sol. Etter at vi hadde vore på treninga, Marit og eg, handla vi på KIWI. Eg handla relativt mykje for det var ei stund sidan sist. Då eg kom heim måtte eg ha meg litt mat før eg kveikte i omnen og sette meg til å småsove. Eg driv enno med å vakne og stå opp veldig tidleg, så det er ikkje rart at eg blir trøtt når det lid på.
Eg har jobba med spansken, men der går det smått, eg greier fint å lese og forstå tekstane, men når eg skal lage teksten sjølv blir det litt vanskelig, i morgon får vi heldigvis juleferie.
Har litt trøbbel med printeren min, slik var det sist eg skifta blekkpatron også,men då var det Helge som fekk det i orden til sist; det hugsar både Erlend og eg. Så eg må kanskje rope på Helge igjen, eg går ut frå at han er komen heim frå Spania no.
I avisa i dag står det at pensjonistlaget skal ha førjulstreff på hotellet og at ein må melde seg på. Eg får no sjå kva det blir til. I fjor var eg i alle fall ikkje med, og eg har ikkje vore så ofte på møta -fordi dei har halde til på Rjåneset, og så langt køyrer ikkje eg, og i alle fall ikkje viss det blir mørkt. Så eg har ikkje bestemt meg enno.
I dag har eg kjøpt lilla lys til advent. Det er lenge sidan sist eg gjorde det det, for eg likar i grunnen best å ha kvite lys til advent. Det er mange som har pynta opp ute alt, men det er berre fint med alle lysa. Det kan no hende at eg kunne ha lys ute også no, når eg har ein som kan hjelpe meg å få det til. (Eg tenkjer sjølvsagt på Erlend).Eg får ta ein tur på Clas.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar