Klokka er no 17.44, temperaturen ute er ca +9 grader C og det er no berre nydelig-dvs, temperaturen. Elles er det vått og mørkt, men som de ser av bildet er det somme som lyser opp tilveret for oss andre også..
Eg kan ikkje seie at eg likar veret, men eg likar at det ikkje er kaldt. Men i dag har ikkje humøret vore på topp. Det begynte med at eg vakna og stod opp, men det var for tidleg så eg la meg igjen, dette hende fleire gonger. Og då eg endeleg stod opp for godt var det ikkje så tidleg som det skulle ha vore. Men eg fekk no tatt fredagsvasken min før det var så seint. Seinare var eg opp til Marit såpass vi fekk oss ei pratestund, det var fleire dagar sidan sist.
II dag fekk eg Møre_Nytt med tre nye sudokuar og eg har ikkje løyst ein einaste fullt ut enno. Det er slikt som irriterer meg grenselaust. Men eg reknar no med å komme i mål denne gongen også. Det gjorde eg sist.
I morgon vil Einar komme innover, og då skal vi stelle til på grava med krans og lys har vi tenkt.
Og så blir det vel litt handel på butikk. Eg synest der var så dumt at dei la ned kafeen i Furene, for då kunne ein handle på Coop -og ete på kafeen. Men vi har no mange andre kafèar rundt omkring.
Det er visstnok fredag i dag så då vil eg ønske alle ei god helg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar