mandag, juli 09, 2018

Dagbok 2018: 9.juli


Klokka er 20.10, temperaturen ca. 18 grader C, og sola skin! I dag vakna eg opp til ein ny fin dag. Trur det må ha vore lenge sidan sist vi hadde ein slik sommar. Måtte det vare-og vare. Regnet som kom i går og i natt kom vel med, men det treng ikkje regne i  vekesvis.
På føremiddagen i dag måtte eg ta litt husarbeid. Det er mykje som blir forsømt ikkje når vêret er slik, men det kjem vel dagar då ein MÅ vere inne også, så eg prioriterer uteliv.
Det er berre ein ting som irriterer meg, og det er at eg var litt for voldsom på laurdag, jobba så ryggen var nesten av-og så set det seg i venstre hofta, den som eg ha vore plaga med i mange, mange år. Høgre kneet er heller ikkje godt, så no haltar eeg til begge sider. OK, det får gå som det går. MEN-det er litt surt etter at eg i to somrar har vore heilt "frisk".
I dag kom både Audun og Håkon for å male. Håkon begynte på altanrekkverket utvendig. Det viste seg å vere ein heller tung jobb. Det rekkverket laga Nils og eg for nokre år sidan, og det har vore beisa berre ein gong. Derfor trengst det mykje maling, og det er tungt å male. 
Audun og eg var ein tur bort på Koppen trelast og oppretta ein "konto" på meg. Slik at snikkaren frå Hareid skal kunne hente ut dei materialane han treng, på min konto. Men det blir ikkje før i august.
Eg fekk også handla litt på Coop ekstra mens vi likevel var der borte. 
Audun mala andre strøk på eine garasjeveggen, blant anna. Og Håkon mala ferdig på hjørnet, der som Einar ikkje hadde rukke bort. Det går framover, men Rom vart ikkje bygt på ein dag. Ingen skal stresse men ta det i sitt tempo har eg sagt. 
Eg laga mat. I dag vart det " HEIMELAGA" pizza Grandiosa til hovudrett, is og hermetiske pærer + kaffi til dessert. 
Etter at eg hadde sett i gang oppvaskmaskina og sett på enda ei maskin med klede, gjekk eg ut og la meg på solsenga ei stund og høyrde lydbok. 
Kom på at eg ikkje har høyrt nyheiter sidan  i dag morgon, så no lyt eg sjekke korleis det går med gutane i hola. Eg synest det er ei tragisk hending, men håper sjølvsagt at dei må overleve.
I morgon kveld kjem Rasmus og familien, det ser eg fram til.


Denne klatrerosa har vi hatt i mange år, men det har aldri vore noko fart i den. I år blomstrar den i alle fall.


søndag, juli 08, 2018

Dagbok 2018: 8. juli

Klokka er snart 20.00. Ute er det skya, skodde og regn og berre + 13 grader. Men det var vel noko slikt eg ønska meg i går då eg var dristig nok til å ha utover kunstgjødsel. Eg ville vel helst hatt sol og varme heile tida, men alt i naturen tørsta etter vatn-det følte i alle fall eg på.
I dag skulle vi samlast på Hareid og feire diverse fødselsdagar som vi hadde utsett. Ikkje alle kunne vere der i dag heller, men vi vart i alle fall ti rundt bordet - det er 10/18.
Eg hadde ikkje anna å bidra med i dag enn frosne plommer frå i fjor og årgangsrips frå frysaren. Margrete hadde med seg to fine kaker, og vertinna diska opp med både det eine og det andre. Som vanleg. Kotelettar og kjøttkaker til hovudrett, karamellpudding, is, bær i krydderlake og krem til dessert og seinare ostefat og kaker. Ja, vi var ikkje akkurat svoltne då vi for heim. Håkon henta og bringa meg. Birte var forkjøla og kunne ikkje komme. Øystein hadde kjøpt meir måling, så i morgon ville både Håkon og Audun måle hus om vêret blir høveleg.
Solveig hadde strikka genser og hue til Amanda i fødselsdagsgåve - det fekk ho i dag. Ingen av oss visste om det før vi såg det. Amanda vart glad, genseren passa akkurat og fargane var midt i blinken til henne. Det er ikkje så verst å ha ei "strikketante". På bildet er vi alle, minus Øystein som tok bildet.
Frå venstre: Erlend, Eirik, Håkon, Audun, eg, Amanda, Olaug Marie, Margrete og Solveig. 
Amanda fylte 18 år den 29.mai. I dag fekk ho gåva frå tanta. Genseren er litt mørkare raud enn den ser ut på bildet.

lørdag, juli 07, 2018

Dagbok 2018: 7.juli

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 18 grader C. Det har vore enda ein nydeleg dag med sol og varme, noko eg ikkje hadde venta. Då eg la meg i går kveld hadde det regna, men det vart visst ikkje så mykje av det.
No er eg nettopp komen inn, ryggen er av og kneet er vondt, men slik er det når ein ikkje kjenner si eiga begrensing.
No var eg så lei av å vente med gjødslinga nede i skråninga at eg rett og slett berre gjødsla, regn eller ikkje. Det er bra med dogg om natta så eg tok sjansen. Elles rydda og styra eg litt inne før eg gjekk ut og begynte på spireabuska. Den har sett halvdaud ut i heile sommar, kanskje er det mangel på vatn, men eg ville i alle fall klippe vekk dei tørre kvistane, men så blir eg fanga! Eg klipper og klipper- og klipper, til slutt finn eg ut  at eg kan klippe ned heile buska. DET greidde eg ikkje, men det var ikkje så langt unna. Hadde eg hatt ei motorsag...…………..(Prøvde med handsag, men hadde ikkje sjans)
Då vart det pause. Marit kom ned på tunet der eg baud på kaffi og litt kake frå frysaren. Prøver å få brukt opp diverse restar. Det var fint å sitte utepå tunet-skal ein lage til noko nede på plenen er det langt å gå.

 Så kom oppryddingsprosessen. Eg vurderte ruskedungen, og meinte der blei fem sekker med rusk. Og akkurat det vart det. Var litt irritert fordi eg ikkje brukte kompostkverna, det gjorde eg alltid før. No talde eg sekkane eg har med hageavfall og kom til 17. Så det er kanskje på tide med ein tur på VØR. Når det er tørre og harde kvistar får ein ikkje så mykje opp i ein sekk. Så raka eg, tok fram klipparen og køyrde rundt og samla opp rusk, før eg hadde på mold rund restbuska og vatna. Må nok pynte litt meir , men no var eg liksom utbrukt. 
Det som no står på programmet er MAT-saltmat- og TV+ strikketøy.







fredag, juli 06, 2018

Dagbok 2018: 6.juli

Klokka er 19.15, temperaturen er + 16 grader. I dag har det vore overskya, men opplett. No såg eg at dei melde regn på sundag, så kan eg vel endeleg få gjødsla skråninga.
I dag har eg ikkje gjort så mykje. Eg klipte plenen rundt huset, så no blir det ikkje meir klipping på ei stund-trur eg. Tross tørken så veks faktisk graset. Elles vatna eg litt og reinska ugras. Så lenge vêret er bra likar eg meg best ute denne årstida. Men tida går så fort!  No er det allereie fredag igjen, og vi er godt i gang med juli månad, så sommaren raser av garde. Kvart år gruar eg meg til at sommaren skal ta slutt, men så går det som regel bra.
Vart sittande litt for lenge ved datamaskina i dag, men det er litt selskap i den også - kan no prate med folk på Face for eksempel.
Fekk melding frå Margrete at ho var på veg hit for å hente kakefatet sitt. Eg fann ei kake i frysaren som eg sette på tining, og så sat eg og strikka og høyrde lydbok til ho kom i16-tida. Vi vart sittande eit par timar -  drakk kaffi og prata. Det er kjekt denne tida når "ungdommane" er fri frå skule og/eller jobb. Sundag blir det "treff" hos Solveig, og så kjem vel Rasmus & Co oppover om ikkje så lenge.
Når eg er her åleine legg eg planar for kva eg skal gjere, både ute og inne. Eg har funne ut at eg må ha ei kompostkasse til, til å ha gras i, kan ikkje køyre alt bort på VØR. Så lurer eg på om ein kan få kjøpt ferdige kasser av tre- og ev. kvar.
Då ønsker eg alle ei god helg. Litt kjedelig at det skal komme regn, men jorda treng det, og i år kan vi ikkje klage på vêret-så langt.

torsdag, juli 05, 2018

Dagbok 2018: 5.juli

Klokka er 18.45, temperaturen er + 15 grader C, det er skya og skodde og kald vind. På føremiddagen var det sol og fint, som vanleg. Føremiddagane er ikkje så lange når ein ikkje er tidleg oppe, så eg fekk berre vaska opp ei maskin med kjørel og ei med klede før det var på tide å fare nedover. 
Marit køyrde ned til Tindebygget og eg bad henne vere med meg inn, så fekk vi no sjå korleis det er på NAV- og der er det fint. Måtte trekke kølapp og sitte i venterommet til talet mitt lyste. Dama som hjelpte meg var grei og hyggeleg, så eg har ingen ting å klage på. Utan at eg sa noko om det så oia ho seg litt over alt papirarbeidet som dei etterlatne sit att med. Etterpå var eg i banken og fekk utskrifter der. Det heile dreiar seg om skatteoppgjer for inneverande år. Alt tok si tid, men ingen av oss hadde det travelt i dag. Vi var ein tur bort på Ose der Urke-gartnaren hadde billegsal, siste gongen han var på torget ved Gjenbruk i dag. Det var sommarblomster det gjekk på. Til slutt handla vi litt på Spar.
Då vi kom heim hadde eg ein liten jobb med å henge opp klede, det blæs og var god kletørk, så no er kleda bretta og på plass.
Eg måtte ete litt før eg gjekk ut og la meg på solsenga. Vart ikkje liggande så lenge for det skya over og det kom kald vind.
I dag kom det ein kar og ringde på, eg kjende han ikkje att med det samme, for eg har ikkje kjent han sidan han vart vaksen. Han ville kjøpe båtvogna, men eg sa at den var ikkje til sals, for den blei brukt når båten skulle på land. Og så laug eg litt, utan å ville det, eg sa at det var ikkje mi vogn, men det er det; den følgjer bilen, ikkje båten-i alle fall på papiret.
Så tok eg og fylte ut skjema, det var ikkje så enkelt som eg trudde. Men eg la ved eit brev om at om dei mangla opplysningar kan dei ringe eller sende mail, slik at eg slepp å få heile smørja i retur. Marit skal nedover i morgon f.m. og ho vil ta med brevet, det skal ikkje lenger enn til Molde. 
Fekk ei melding frå Rasmus som eg delte på Mesenger.

onsdag, juli 04, 2018

Dagbok 2018: 4.juli



Klokka er 21.20, temperaturen er + 19 grader. Det har vore nydeleg vêr og sol i heile dag, sola er borte her hos oss no, men skin på andre sida av fjorden. Vi har vårsol, dei har kveldsol, kvar sin fordel.
Sidan eg vart liggande å gruble i natt sovna eg seint, men sov godt på morgonkvisten. Sov på altanen i dag ettermiddag også, så no kan eg vere oppe lenge i kveld også.
Dagen har gått som ein røyk utan at eg har fått gjort så mykje. Føremiddagen gjekk med til prat med naboane og telefonsamtalar. Eg er enno ikkje ferdig med skjemaveldet, men i morgon skal eg prøve å få gjort noko med det. Marit og eg skal nedover i 12-tida.
I dag klipte eg plenane opp mot vegen, så vatna eg både her og der før eg tok pause på solsenga. Eg har ikkje vore heilt god i foten i dag, så eg har tatt det litt roleg, trur eg kjem meg til att. 
Utpå ettermiddagen kom Birte og Håkon. Birte og eg skravla og drakk kaffi, mens Håkon malte ferdig husveggen nedover. Han fekk no kaffi han også etter kvart. Det er kjekt med alt som blir gjort, og enno er det fint vêr. Naboane på andre sida av gata driv også og maler huset sitt. Vi har fått mange fine sommardagar hittil, men i går gjekk det opp for meg at sola har "snudd"-så vi går mot mindre lyse tider. Men eg nyt kvar ein solstråle så lenge det varer.





tirsdag, juli 03, 2018

Dagbok 2018: 3.juli


Klokka er 20.15, temperaturen er + 18 grader C og vi har fått enda ein nydeleg dag her på våre kantar. Det såg litt grått ut frå morgonen av, men så skein det opp i dag også.
Det har vore ein aldeles nydeleg og kjekk dag for meg. Eg har fått oppleve meir enn på veldig lenge- av gode og kjekke ting. 
Vi hadde planlagt at Margrete skulle køyre meg ut til Ulsteinvik, der eg skulle innom Skatteetaten sitt kontor. Så ville Solveig at vi skulle komme ut til henne etterpå, og så hadde Margrete lyst på ein tur til Runde. Og vi vann over alt.
Vi var først på Blåhuset, der eg fekk hjelp av ei hyggeleg dame. Var også innom El-kjøp og fekk ny munnebrikke til kameraet mitt slik at eg igjen kan ta bilde.
Det er lenge sidan eg har vore til Runde, så det var kjekt å komme dit i det utruleg fine vêret. Vi var også inne og så på utstillingane av utstoppa sjøfuglar blant anna, og vi såg plast-installasjonane som set søkelys på forsøplinga av havet. Erlend var også med, og vi var inn i eit anna rom der vi fann skatten frå Akerendam-forliset, og modellen av skuta. 
Eg tok mange bilde men maskina tullar litt når eg skal redigere, så eg får legge bilda til etter kvart som eg får ordna opp.( No vart maskina arbeidsvillig igjen, så her får de sjå bilde frå miljøsenteret på Runde. Lurt å dobbelklikke for større bilde.)

Utstoppa sjøfuglar.Legg merke til "forsøplinga" på golvet


Plastkunst.



Skatten frå Akerendam.


Erlend ved modellen av båten som forliste(Akerendam)


Plastutstilling ute. Under: eit afrikansk kunststykke.





Vi måtte også innom Pekas og sjå oss om. Kjøpte berre ein plante.
På Hareid vart vi etter kvart mange. Tre av fire barn var heime, og tre av Solveig sine kollegaer som har mammaperm kom på besøk ute i hagen. Solveig serverte rømmegraut og spekemat i dag. Så ho fekk jobbe på bursdagen sin også. 
Takk til alle saman for ein fin og innhaldsrik dag. Og ei spesiell takk til sjåføren- og til bursdagsbarnet.

Solveig er seg sjølv lik. I år hadde ho hekla dette teppet til Margrete i 50-årspresang.


Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...