fredag, juli 07, 2017

Dagbok 2017: 7.juli

Klokka er 21.40, temperaturen er + 15 grader og det regnar. Ja, dei fekk kjølt seg godt ned dei som kom frå ferie på Rhodos, der det var 40+.
Før middag var det rimeleg fint vêr då eg gjekk ned på Kiwi og handla litt. Nokre av barnebarna hadde sagt at dei ville komme på besøk i dag, og eg fekk ein idé om å servere dei spekemat og rømmegraut, noko som er ganske populært i familien vår.
Og då måtte eg ha rømme. Likte godt å ta meg ein spasertur etter at vi var ferdige med morgonstellet her, og Nils var i bra form. Skrelte poteter først, slik at eg kunne vie meg til grauten då eg kom heim.
Først kom Olaug og Audun frå Hareid, og så kom Håkon frå Volda. Einar var på jobb i Ålesund, så han får ta det att ein annan dag.
Det var kjekt med så mange ungdommar på besøk; når ikkje vi kjem oss så langt ut i verda, er det kjekt at "verda" kjem til oss. For utan tre av våre eigne barnebarn, har vi hatt besøk av HBO-Johanne som var her i går, og ein ung svensk gut som kom i kveld. Alle har noko å fortelle og orientere oss om.
Elles kom her på føremiddagen ein ung gut med ein nydelig bukett til Nils frå Inger, tremenningen hans. Eg angra berre på at eg ikkje fann fram ei anna T-skjorte til Nils før eg tok bildet. Den knallgule T-skjorta var ingen god bakgrunn for dei rosa rosene. Den T-skjorta kjøpte eg i si tid til Nils fordi han er glad i gult, men mest for at eg skal finne han att i store folkemengder -noko som ikkje er så aktuelt lenger. 
Audun hjelpte meg med eit problem eg hadde med datamaskina mi, så no kan eg bruke Word !
Då HBO Johanne kom såg kjøkkenet ut som ei slagmark sidan eg ikkje hadde rydda opp etter middagen. Grunnen til det var at oppvaskmaskina ikkje var ferdig å vaske opp. Då vi vart att åleine vart det tømming av oppvaskmaskin, rydding og shining av kjøkkenet. 
Og så måtte eg lage ny telefonliste, no når eg endeleg fekk lage tabellar igjen. Eg har med andre ord vore nokså aktiv i dag, men etter at Nils og eg hadde tatt oss litt kveldsmat, slappa vi av med den herlige Leonard Cohen-konserten på NRK 1. Det var ein høydare for meg i alle fall. Eg set alltid på tekst når det er noko eg vil høyre på TV, då får eg med meg meir av tekstane på songane også-det gjeld både dei norske og dei engelske tekstane.
Vi har hatt ein fin dag! Men i morgon skal eg GÅ ned til urmakaren med klokka mi, for no er eg lei av å vere ute av tida.
Ønsker alle ei fin helg.


torsdag, juli 06, 2017

Dagbok 2017: 6.juli

Nils snakkar med Arild Trovåg i telefonen

Klokka er 20.00, temperaturen er + 15 grader og det har vore ganske fint vêr i dag, med mykje sol.
I går var eg så elendig, verkte både her og der, og eg var ikkje heilt bra i dag tidleg heller, så eg tok ein Ibux. Sidan har eg vore ganske smertefri. No trur eg ikkje det var tabletten som gjorde underverker, men heller vêret. I går var det nordavind og det er giktvêr.
Nils var ikkje i form tidleg på dag i dag heller, han må ha ei kvilestund etter tablettar og frokost. Eg tenkte at eg kunne klippe plenen så lenge, men då tykte han eg skulle vente til seinare på dag.
Derfor jobba eg med steinveg-prosjektet mitt i staden. Og då gløymer eg at eg ikkje verken skal bøye meg eller løfte-det har legen sagt. Eg såg på klokka då eg hadde halde på ei stund, og den var berre ti. Eg tenkte at jammen hadde eg vore effektiv som hadde fått unna så mykje arbeid før klokka var meir. Neste gong eg såg på klokka var den også 10-og då ante eg uråd. Klokka mi har vore upåliteleg i det siste, men i dag streika ho totalt. Klokka var nemleg 12.00 då eg gjekk inn, og det var på tide å lage middag, I dag skulle eg steike fisk som eg hadde kjøpt frosen, det var ein ferskvassfisk som dei "dyrkar" i Vietnam. Eg steikte den og hadde både løk og mykje anna godt til. Og det var bra, for fisken smakte ingen ting- absolutt ingenting. Men den var kvit i fisken og mjuk i konsistensen.
Ikkje før hadde eg rydda kjøkkenet, så kom Jørn innom og prata ei god stund; sjefen for Rjåneshamna kom med ny nøkkel og til slutt kom HOB 2. Då var klokka 16.00, og Nils ville dusje. Han hadde ikkje vore i form til det før på dagen. Etter at han hadde fått nye klede og nytt plaster skulle han slappe av litt, så eg gjekk ut og klipte plen. Samla opp rundt huset, men klipte bio i bakken. Vart både sveitt og tørst.
No har vi hatt besøk av HBO 3-også ein sommarvikar som skal bli lege. Han kjende også Margrete-og var på alder med Ingeborg. Han var volding, høg og kraftig, men eg oppfatta ikkje namnet hans.
No skal eg lage ein kopp kaffi, for det har vi ikkje hatt tid til i dag.
I morgon ventar vi besøk av Olaug og Håkon.
Onsdag i neste veke skal Nils på CT i Volda med hofta si. Torsdag skal han bort att for samtale. Han har vondt i hofta når han skal gå, men verker heldigvis ikkje når han sit i ro.



Utsikt frå altanen klokka 22.00

onsdag, juli 05, 2017

Dagbok 2017: 5.juli


Klokka er 20.00, temperaturen er + 16 grader C, og sola skin. SÅ fint har det ikkje vore heile dagen, og det er litt kald vind ute.Vi har stort sett vore inne i dag, og har ikkje hatt anna besøk enn HBO-ane. 
I går hadde vi ein aktiv og fin dag, Nils var i god form og eg hadde heller ikkje noko å klage over. Ikkje før kvelden kom. Då verkte eg i rygg, hofte og stort sett heile venstresida. Noko kom vel av at eg hadde bøygt meg litt for mykje, og noko var nok gikt. I alle fall fekk eg ikkje sove til tross for tablettar, og eg har heller ikkje vore så sprek i dag. Trur det er nordavind ute, og det er "giktvêr".  Det kan no komme seg igjen.
I dag var ikkje Nils i form då han stod opp, og han vart sittande å døse i stolen til langt på dag før han kom seg til. Men han åt både frokost og middag. Det er ofte slik at viss han har vore litt "aktiv" ein dag, blir han litt tufs dagen etter. No er han i bra form og sit og ser TV. Vi har nettopp hatt besøk av ei frå HBO som er sommarvikar. Ho fortalde at ho har eitt år att av legestudiet. Ho heiter Johanne og har hatt Margrete som lærar på VVS. Det er kjekt når alle desse som er innom har tid å prate litt, og som regel kjenner Nils anten faren eller bestefaren deira. Dei gjer ein god jobb.
Som de veit er eg alltid opptatt av å "gjere" noko, og då eg skulle tenke ut kva eg har gjort i dag, måtte eg tenke på songleiken: "Så går vi rundt om en enerbærbusk". For i dag har eg stort sett vaska klede, hengt dei ut, tatt dei inn, lagt i hop og stroke dei samme kleda. Om vinden var litt kald så vart det i alle fall god klestørk. I tillegg har eg sjølvsagt laga middag etc. etc.
Etter middag skulle eg slappe av med lydbok, og sovna sjølvsagt frå heile greia-det var ikkje mykje eg sov sist natt. Har begynt på tre bøker, men kjem visst ikkje lenger.
Hagearbeid har det vore lite av, men eg fekk i alle fall sådd i holet der eg tok opp ein plante i går. Av ymse grunnar står der tre ulike clematis nedanfor tilbygget, og i dag var det kome blomster på to av dei, ein mørkeblå og ein lys lilla.(Har tatt bildet frå altanen). No er det visst tid for kveldsmat, vi åt tidleg middag.


tirsdag, juli 04, 2017

Dagbok 2017: 4.juli

Klokka 21.25.

Klokka er 21.00. Temperaturen er + 13 grader, men har vore høgare før i dag. Det har vore mest opplett i dag, nokre små regnbyger   inni mellom, men ikkje så mykje sol.
Det beste med dagen er at Nils har vore i bra form heilt frå morgonen av.
I dag kom både den vanlege HBO-en og så kom kreftkoordinator Solfrid etterpå. Nils har klaga over vondt i hofta, så no fekk Solfrid gjort avtale med sjukehuset i Volda om at han skal få ta CT der før dei bestemmer kva anna hjelp han kan få. Ho ordna det også slik at han fekk resept på litt sterkare smertestillande tablettar. Han verker ikkje i hofta når han sit i ro, berre når han skal gå.
Klokka var 10.00 før vi var ferdige med sjuke - og morgonstell.
Matias kom oppom og Nils hjelpte han med å lage til makrellsnøre, så han skulle få prøve fiskelykka. Dessverre fekk han ikkje fisk.
Eg starta arbeidsdagen med å vaske altanrekkverket. Det må eg gjere av og til, for eg er veldig snill med både småfuglar, skjorer og til og med kråker. Eg matar dei på altanen, såpass Nils skal få litt underhaldning. Men det blir litt av kvart dei legg frå seg. I dag hadde eg tenkt å lufte sengetøy og vaske soverommet, og då måtte der vere reint. Men så regna det litt, så jobben var utsett ti sein ettermiddag/kveld. Då vaska eg over bad- og kjøkkengolv med det samme.
På føremiddagen jobba eg litt i hagen. Eg har eit nytt prosjekt på gang: Fjerne gras mellom steinane i hellestien. Det er ikkje gjort på ein dag-i alle fall ikkje når ein har dårleg rygg. Eg er ikkje god i hofta og kneet heller for tida, men det blir vel betre. Det er ikkje "farleg" i alle fall.
Margrete kom i 14-tida, då hadde eg steikt pannekaker og bacon, det fekk duge både som middag og kaffimat i dag.
Vi sat og prata heilt til HBO 2 hadde vore her, då køyrde Margrete meg ned på Amfi så eg fekk handle. Var innom apoteket og fekk medisin til Nils, og så handla eg mat på Bunnpris. Hamstra inn melk, for det er tungt å bere, andre varer kan eg kjøpe på nærbutikken.
Etter at Margrete hadde fare, rippa eg ei bok ho hadde med mens eg vaska.
Så kom Birte og Håkon innom ein liten tur, dei hadde tenkt seg ut og fiske. Nils bestilte makrell med dei- så får vi sjå kva det blir til.
Sjølv har eg tekt å slappe av med strikketøy og TV resten av kvelden.
Dette er det siste prosjektet mitt, trur steinane har flytta seg etter at dei vart lagt ned første gongen. Særleg kunstnerisk ser det ikkje ut, men det er godt å ha steinvegen når det er vått i marka.

mandag, juli 03, 2017

Dagbok 2017: 3.juli


Klokka er 20.30, temperaturen er + 14 grader C og det ser litt lysare ut når det gjeld vêret.
Dagen i dag starta dårleg. Nils var ikkje i form, men han kom seg opp og fekk i seg både mat og medisin. Sidan eg skulle støvsuge vart det til at han la seg på dagsenga på datarommet og låg der og sov meir og mindre, til eg var ferdig både med støvsuging og anna husarbeid. Han kom seg litt etter kvart. Dette har vi opplevd mange gonger, men det er like trasig kvar gong. Han stod opp og åt middag og drakk kaffi og så hadde vi ei lita kvilestund før han fekk dusj, reine klede og nytt plaster.
No er han i fin form og ser TV.
Eg har ikkje gjort all verda i dag, berre vanleg husarbeid, og så er eg ein del av HBO-eg også.
I dag begynte eg å leite etter diverse greier, noko fann eg, anna ikkje. Men eg fekk i alle fall rydda og tørka støv på datarommet. Nettbrettet mitt har eg enno ikkje funne att, skulle tru det var for stort til å forsvinne, men den vesle minnebrikka til fotoapparatet -den dukka opp, så no har eg to (minst).
I dag har vi ikkje hatt besøk, men i morgon kjem Margrete ein tur, så då får eg handle også om det er noko vi treng. 
I dag fyller Solveig 54 år, og dagen feirar ho på Shetland.
Solveig og Øystein pluss eit anna ektepar frå Hareid er på besøk hos "Poeten" Christine De Luca, som mellom anna har omsett nokre av dikta til Øystein til det språket som var vanleg på Shetland før engelsken overtok. Det er for øvrig samme språket som dei hadde i Skottland. Christine de Luca har vore her i Ørsta , eg har høyrt henne i Åsentunet, og ho har vore på Hareid.
I staden som mimrebilde, legg eg inn nokre bilde frå Shetland i dag.





                          

Og så har eg eit bilde av Kongsberggutane i Tyrkia.

søndag, juli 02, 2017

Dabbok 2017: 2.juli


Klokka er 19.10, temperaturen er + 14 grader C og det regnar. Blir litt "tung" i tungt vêr, men vi har det relativt bra, som vanleg. Nils plagast med ein fot, men er elles bra.
Her i huset er det liten skilnad på helg og yrkedagar; vi står opp til samme tid og HBO-ane kjem til samme tid osb. Ikkje pyntar vi oss heller.
Før middag var eg ute og hausta inn dei stakkars rabarbrastilkane våre, trur dei må få litt betre jord, for dei veks dårleg. Så snauklipte eg grasløken, klipte den opp og fraus. Så har vi heile året.
Til middag steikte eg noko svinekjøt som eg hadde raska med meg på ein handletur. Eg må passe på at maten ikkje blir liggande for lenge i frysaren. Vi hadde akkurat ete middag og drukke kaffi då Audun om.
Eg hadde tenkt å steike vaflar eller lage noko anna godt, men han kom før eg venta, så han fekk ikkje så flott oppdekking. Det var ikkje hans skuld, for han hadde skrive til meg på Messenger. Det plar vere trygt, for eg er ofte innom der, men ikkje i dag.
Det var kjekt å få besøk frå den store verda, og han hadde med seg Laptop med bilde frå den harde styrkeprøven han hadde vore med på.
Etter at han hadde reist strikka eg ferdig ein lest, festa trådar på tre par lestar mens eg las ferdig boka mi. Det er slikt eg gjer mens Nils ser fotballkamp på TV.
Rasmus & Co;  er komne vel fram til Tyrkia, og  Solveig og Øystein har mellomlanda i Skottland, dei er i Aberdeen. Solveig har fødselsdag i morgon-det er sjeldan ho feirer dagen sin heime.
I morgon startar vi på ei ny veke, og vi legg ingen planar, vi må ta dagane som dei kjem.
Bildet er frå vandringa mi i går. Eg har alltid beundra denne klatreplanten som består av blad i tre fargar, men ikkje blomster. Er det nokon som veit kva den heiter?

Bok nr.21 -2017 : Vennskapets pris

Vennskapets pris av Kjell Askildsen (Lydbok-CD)
Det er en begivenhet når Kjell Askildsen utgir en ny novellesamling, 19 år etter hans forrige bok.

Kjell Askildsens syvende novellesamling består av 12 noveller, de fleste skrevet i årene 1998-2004. Forfatteren forfølger sine motiver i en rekke nye variasjoner, og novellene er preget av skarpe sansninger og stor klarhet.

Kjell Askildsen gir som ingen andre språk til den indre uroen og det uforløste i møter mellom mennesker. Personene i disse novellene beveger seg ofte innenfor fastlagte mønstre, som betraktere eller under oppsikt av andre, fanget i uutholdelige eller uavklarte situasjoner, uløste samtaler og øyeblikk av plutselig innsikt, stillhet eller konfrontasjon. I «Vennskapets pris» møter vi den sterkt fortettede skrivemåten og språklige følsomheten som kjennetegner Kjell Askildsens noveller - en intens og lysende prosakunst.

...........................................................................
Denne boka er på to CD-plater, derfor har eg ikkje brukt så lang tid på den. Det er ei novellesamling. Eg synest noveller er ein til dels vanskeleg sjanger, men meiner den som har skrive det eg saksa frå nettet har treft  ganske godt. Kor vidt ein synest det er interessant lesing er ei anna sak. Likte ikkje så godt stemma til han som las.

Dagbk 2026:30.august

 Klokka er no19.44, temperaturen ute er + 12 grader , det er overskya og det har regna, Eg har vore inne heile dagen, og eg har vore her åle...