tirsdag, januar 13, 2026

Dagbok 2026: 13.januar

 

                                     Snøen på trappa har smelta

Klokka er no 18.40. og eg likte ikkje det eg såg på termometeret på trappa, for det hadde gått ned på +2, -med andre ord, det har blitt kaldare. Eg syntest det var kaldt nok, for eg likar ikkje kulde. 

I dag var eg på trening , eg trener det eg kan gjere utan å bruke høgre handa, for den er ikkje god, eg går med handledds -strikk eller kva eg skal kalle det og smør meg inn med salve. Kor lenge det skal vare veit eg ikkje. Men eg verker ikkje eller har noko anna plage med det.

Marit er framleis på sjukehuset , men ho kjem heim att i morgon. 

Då eg køyrde heim frå treninga i dag svippa eg bort på gravplassen og såg etter korleis der såg ut- Der var mykje snø, så det var ikkje råd å pynte på noko. Det var nokon, eg hugsar ikkje kven, som sa at om vinteren når der låg snø skulle gravplassane få ligge i ro. Og det trur eg er det beste. Men eg kveikte no eit lite lys og sette att sidan eg hadde det med meg.

Her heime held eg meg mykje på datarommet for her blir det fort varmt og eg ligg her om natta også. Men i dag var det Mørenytt som eg las meir og mindre grundig "frå perm til perm",

Og så er det TV, eg må no følgje litt med kva som skjer i verda, berre dei ikkje snakkar for mykje om Trump. Det er trasig å ikkje få strikke, for eg er så vand med å "ha noko på hendene" som svigermor sa. Det er sikkert mykje nyttig eg kunne ha gjort, men vinteren og kulden gjer at eg ikkje er så aktiv.

Neste tysdag skal eg bort i Furene og hente den nye printeren min, som Rasmus har kjøpt for meg og sendt, då må eg vel invitere dei to hjelparane mine Erlend og Helge, så vi kan feire!!!!  Det er ikkje sikkert eg har så mykje bruk for ein printer, men eg er vand med å ha, og den gamle fekk vi ikkje til å fikse lenger. 

No er temperaturen ute gått ned på +1, så no er eg skeptisk. Men komande helg kan vi få sjå sola her viss det blir klårt, og Håkon har fødselsdag, dei to hendingane held i hop.

No skal eg ta opp klesvasken min som eg har i tørketrommelen i kjellaren så eg har no litt å gjere.


                                       Varmt og koseleg inne.


mandag, januar 12, 2026

Dagbok 2026: 12.januar


Klokka er no18.16, temperaturen ute på trappa er + 6 grader C, stort meir veit eg ikkje for eg har ikkje vore mykje ute i dag; men eg ser no at is og snø på trappa har smelta meir og mindre. Eg vakna og stod opp klokka halv 8, men så la eg meg igjen og sov til 13,30. Noko liknande har aldri hendt før. At eg ikkje stod opp før, kjem av at høgre handa ikkje er god, så det er lite eg kan gjere.  

Men seinare  etter å ha gjort diverse anna, fann eg ut at eg kunne like godt ta fredagsvasken som eg hadde hoppa over, så no er det gjort, og eg har fri resten av veka. I morgon skal eg på trening og då vil ho også sjå på handa mi. 

Eg går stort sett med lerreim, men no når eg vaska tok eg den av og eg trur ikkje det vart noko verre. Det er vanskeleg å vite kva som er best, men no har eg ikkje vondt , så då er det OK. Det gjeld ikkje berre handleddet, men heilt opp i skuldra er det vondt- eg skuldar på stikkinga.

Strikking har eg lagt vekk for ei stund, så då vil eg prøve å lese litt i staden; eg er nesten heilt slutta å lese bøker. Og det synest eg er veldig dumt.

Eg fekk melding frå Marit i dag, ho er på sjukehuset og der får ho både god hjelp og god mat- kor lenge ho blir der veit eg ikkje.

Eg håper at det ikkje blir kaldt igjen  med det første, for det er enno litt for mykje is og snø her og der. Men det stod noko om regn for ei stund sidan,her på PC-en.





 

søndag, januar 11, 2026

Dagbok 2026: 11,januar

                          Slik er utsikta frå trappa akkurat no
 

Klokka er no 17.10, og til mi store glede har gradestokken klatra opp på +4-5 grader, men så får vi litt regn og vind i staden,

Eg har fyrt i omnen på stova i heile dag, det er rart med det at når ein er åleine treng ein meir oppvarming. Men i dag fann eg att ei kasse med ulltrøyer et cetera som var gått ut på dato, dvs ubrukelege, så dei fyrte eg med på føremiddagen, så fekk dei varme meg for siste gong.

Eg har gått her og tutla mest åleine i dag, men eg har no TV-en og i dag har eg ikkje sett Trump, for det vil eg helst unngå-men han kjem vel att.

Venninna mi som eg brukar å vere mykje i lag med vart innlagt på sjukehuset i går, men det går visst bra med henne. Håper i alle fall det- Eg har i mange år brukt å gå tur på Fonnvernet nesten kvar dag. No er det lenge sidan eg har vore der, for eg fekk ein vond fot, som gjorde at eg ikkje kunne gå så mykje. Håper foten kjem seg slik at eg kan vere meir aktiv, for det treng eg.

Eg har rydda bort nesten all julepynten, syntest jula var så kort i år. I veka som var fekk vi ikkje full trening fordi det var for kaldt, så no håper eg vi få ei meir aktiv veke. Men mest av alt håper eg på mykje sol når den kjem langt nok ned. Eg skal ha sol inn i stova mi ca 18.januar- og då er vi ferdige med den verste vinteren. Eg likar ikkje vinter og snø og kulde, men det går som regel bra.

Dagbok 2026: 10.januar


Dette bildet tok eg i dagmorgon rett etter at eg hadde stått opp, det var nesten sol i aust.

Klokka er no 19.31og på trappa har vi 8 minusgrader, det har vore ein fin, men kald dag, synd vi ikkje har fått sola enno, for no kunne vi trenge den.Men heldigvis har vi ikkje fått meir snø.
Eg låg på datarommet sist natt også, her er det ikkje så kaldt som på soverommet, så eg kjem til å halde meg her så lenge det er så kaldt-.
Men då det leid på dag kveikte eg i omnen på stova attåt at varmepumpa står på, så no er der godt og varmt. Eg har nett sete og sett eit preogram som eg hadde sett før-om Bjørn Eidsvåg. Elles er eg redd for å sette på TV-en -redd for at
 TRUMP skal vere der.
Eg hadde tenkt at viss eg fekk ut bilen skulle eg ta ein tur på butikken, for å kjøpe meir mat -og for å sjå folk. Spørsmålet var om eg kunne få bilen opp på vegen utan å moke, for det har kome ein del snø sidan sist og den ligg no der.
Eg rygga ut av garasjen og kom nesten opp på vegen ved første prøve, og då eg prøvde for andre gong fekk eg meg fint opp. 
Det var kjekt å komme seg ut litt og på butikken trefte eg fleire eg kjenner, som eg prata med. 
Eg var ikkje så sikker på kva eg skulle ha, men eit kvart til middag i alle fall. Det blei norsk grønsaksuppe med svenske kjøttbollar. Det var ikkje så veldig godt-men godt etande. Eg forstår ikkje at det iikkje går and å lage meir velsmakande  mat på fabrikkar. Men eg blei mett, så då er det greit, litt kaffi og småkaker til dessert og så vart det på med TV-en der var eit program som eg hadde sett før, men eg såg det gjerne om att. Det var om Bjørn Eidsvåg.

Eg har fyrt i omnen heile ettermiddagen, eg var så heldig at eg kom frampå ein sekk med store gode kubbar, så eg har hatt det varmt og godt, Å ha det varmt er det som eg er mest opptatt av når det er vinter. Eg hatar å fryse. Derfor er det bra å ha dette rommet som eg kallar datarommet , her blir det fort varmt fordi eg har ein "laus" elektrisk ovn som varmar opp på ein augneblink. 
Eg tok ikkje fredagsvasken på fredag, og ikkje har eg tatt den i dag, men eg er her no ålene så det er vel ikkje så stort behov.




 

fredag, januar 09, 2026

Dagbok 2026: 9.januar


 Klokka er no17.30,temperaturen ute er + 2 grader C og det er noko heilt anna enn det vi har hatt siste dagane. Det er såpass mildt at ein godt kunne ha vore ute, men eg synest det er litt for glatt, og så er det ikkje så godt moka over alt. Eg kunne godt ha moka litt sjølv om det ikje var for problemhanda mi -den høgre. Eg har aldri vore borti noko liknande før, og det er vanskeleg å forklare. Men så snart som handa har vore i ro ei stund er det som om den sovnar og blir ubrukeleg. Då må eg sette meg til å kna den så lenge at den livnar til att. Særleg gale er det om morgonen, då kan det ta timar før handa er brukbar. Eg går med bind rundt handleddet, og smørjer salve på. Når eg får liv i handa kan eg gjere ganske mykje, og i dag har eg rydda bort heile jula- nesten. Det har vore så mykje betre i dag for det har vore mindre kaldt og eg har ikkje fyrt så mykje, men viss eg skal fyre meir i dag, må eg ut i garasjen og det går bra no,sjølv om det ikkje er moka.

Eg har ikkje så mykje å fortelje, for eg har vore her åleine og då skjer det ikkje så mykje. Men eg har TV og det er både godt og gale. I går trudde eg at Trump var heilt sprø-og det trur eg no framleis. Han meiner at det var han som skulle ha fått Nobelprisen i år, ja, eigenleg skulle ha n ha hatt 8 (eller var der 5?) Nobelprisar fordi han hadde avverga ) krigar; Eigentleg burde han ha fått det, så kanskje han kom ned att på jorda. Eg må seie at den karen øydelegg for mange -også for oss vanlege menneske som ikkje er så mykje råka-enno.

Det var så fint her i dag med sol i fjella, så det var fristande å gå tur ute, men eg er litt forsiktig med kva eg gjer når eg har den vonde handa, men eg har no piggsko, så viss det blir fint i morgon også, så må eg komme meg ut, og kanskje må eg på butikken. 

I dag er det den 9.januar, og i min barndom var det då jula slutta. For då hadde søskenbarnet mitt  fødselsdag. Dei budde på Eid den tida så då vart det juletrefest hos tante. Eg ser på FB at der ligg gratulasjonar til John Per, men han er død for ei tid sidan. Der er også andre som får gratulasjon etter sin død. Det må ver vere dei "pårørande" som ordnar opp i dette.

                                Det er så fint når sola skin i fjellsidene.
Eg ser no at det står minus 8 på PC-en, så då må det ha kjølna mens eg har sete her.


 

torsdag, januar 08, 2026

Dagbok 2026:8.januar


Klokka er no17.21, temperaturen på trappa er ca minus 9 grader C, og snøen daler ned.Det var ikkje det eg ønska meg, men det er sikkert mange som vil ha rikeleg snø.viss den berre får ligge i ro ei lita stund. Eg likar ikkje snøen av den gode grunn at eg ikkje kan moke tunet mitt ein gong. Eg hadde vondt i høgre handleddet og no har det spredd seg oppover i armen ogs . Eg går med ei støtte på handleddet , men no har det spreidd seg opover i armen-truleg fordi eg har vore så aktiv i dag.

Då eg skulle til å fare på treninga i dag, fekk eg melding om at det ikkje vart trening.så då måtte eg finne på noko anna, Og det var ikkje vanskeleg for eg ville gjerne begynn å ta ut "Jula". Eg jobba på i fleire timar med å ta ned vindus-stjerner og anna pynt. og pakke ned og sette ned att i kjellaren, det var mykje meir arbeid enn eg hadde tenkt. Men no er det gjort. Ikkje alt er vekke enno, det er mykje att, men vi kan no ha litt JUL enno ei stund.

Det eg ikkje hadde følgt så nøye med på var veret så eg fekk eit lite sjokk då eg såg all snøen, men eg kan ikkje gjere noko med den, den få legge seg ned så lenge.

Eg var så dum at eg sette på TV-en etter ei stund og der var det ikkje så mykje kjekt. Kunne dei ikkje berre ha gitt TRUMP fredsprisen , så hadde han kanskje helde fred ei stund. Eglikar ikkje alt dette pratet om krig. For KRIG vil vi ikkje ha.




 

onsdag, januar 07, 2026

Dagbok 2026: 7.januar

 

                                                  Så fint og fredeleg er det her no


Klokka er no16.41,temperaturen ute er minus 12 graderC, eg var nettopp ute og såg etter, og eg tok nokre bilde. Då eg kom inn att såg eg at eg ikkje hadde sendt av garde bloggen i går. Men eg har sendt den no.

Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag, det er to ting som set meg litt ut -det er kulden og Trump &Co  Eg er redd for krig, panikk er vel rettare. Eg blir heilt skipla når dei begynner å snakke om krig, eg trudde folk etter kvart ville forstå at det ikkje er med krig ein løyser problem. Og Trump som ville ha  fredsprisen, han er ikkje særleg fredeleg.

Eg prøver å halde meg litt borte frå TV-en, men det er heller ikkje så enkelt. I dag har eg vore heime åleine, stort sett, og konsentrert meg om å halde varmen. Sist natt låg eg her på datarommet mitt, fordi her er varmare enn på soverommet. Det gjekk fint, og eg har vore her mykje av dagen også, men eg har fyrt opp i stova og sett TV og laga middag etc.  MIddagen var restar som eg varma opp. Det er ikkje så mykje eg får gjort når eg går med "bandasjert" høgrehand, Men det er godt å ha der noko- I morgon skal eg på trening igjen,så då skal eg få fysioterapeuten til å sjå på handa mi. Eg har salva den også, så eg har ikkje vondt eigentleg. Men det er ikkje alt eg kan gjere, kan for eksempel ikkje vaske så mykje. Det er no sytalaust når eg ikkje skal på jobb t.d. eg kan no gå her og tusle med ei låk hand utan at det går ut over andre. No kom eg på at eg må sette på ein klesvask, oppvasken er ferdig no og så skal eg fyre i stoveomnen og sjå TV resten av dagen, kanskje- Eg ønsker meg to ting: fred på jord og meir varme.

Dagbok 2026: laurdag19.september

                                               I dag var det Amanda som fekk vere med i avisa No når eg ikkje gå r på skule eller noko anna,...